Startar arbeid med turistattraksjon ved Hestad kapell

RASTEPLASS: Ved Hestad kapell skal det byggast to toalett, rasteplass med benkar og bord, samt skogsti med oppslag om lokalhistorie, og ein utstikkar ut i vatnet.

RASTEPLASS: Ved Hestad kapell skal det byggast to toalett, rasteplass med benkar og bord, samt skogsti med oppslag om lokalhistorie, og ein utstikkar ut i vatnet. Foto:

I løpet av 2020 er det planlagt at 12 turistvegprosjekt skal fullførast. Eitt av dei er rasteplassen ved Hestad kapell i Gaular.

DEL

[SOGN AVIS/FIRDA]: Statens vegvesen opplyser at planlegging og utbygging av tiltak langs dei 18 Nasjonale turistvegane går som planlagt. Av 12 attraksjonar som blir fullført i år, er åtte under bygging. Dei fire siste skal starte opp før sommaren.

Rasteplass og do

På Sognefjellet skal toalettet og rasteplassen på Oscarshaug utbetrast. Dette arbeidet skal fullførast i 2020.

Også anlegg i Sunnfjord får eit løft. Arbeidet med toalett, utsiktsrampe og rasteplass ved Hestad kapell startar opp og skal gjerast ferdig neste år, opplyser vegvesenet.

Det går fram av pressemeldinga at i tråd med målet i Nasjonal transportplan 2018–2029 og oppfølgjande budsjettproposisjonar frå Samferdselsdepartementet skal Nasjonale turistvegar stå fram som ein heilskapleg attraksjon i løpet av 2023.

ATTRAKSJON: Gaularfjellet og Hestad skal få rasteplass og toalett.

ATTRAKSJON: Gaularfjellet og Hestad skal få rasteplass og toalett. Foto:

46 nye

Frå 1994 til 2017 blei det planlagt og bygd i alt 143 tiltak langs Nasjonale turistvegar. I perioden 2018–2023 skal ytterlegare 46 nye prosjekt vere fullført, med Vøringsfossen, Gjende og Torghatten som dei største.

.

FULLFØRAST I 2020: Utbetringar av rasteplass og toalett på Oscarshaug på Sognefjellet.

FULLFØRAST I 2020: Utbetringar av rasteplass og toalett på Oscarshaug på Sognefjellet. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken