Der den suksessfulle vandringa med Stedje og Torsheim gjekk i «Nynorsken Skog», går denne musikalske vandringa til underfundige «Landet bakom blått». Det skriv koret i denne pressemeldinga.

Gjennom tekst og tonar signert Odd-Erik Lothe, følger dei 40 musikalske aktørane draumen om eventyret bakom blånane – utferdstrongen til lands og til havs – og seinare lengten heim att til røtene.

Men det blir også plass til havsalte, kraftfulle sjantiar og stemningsfulle songar der koret rår grunnen aleine.

Lothe: – Ei ære å bli spurd

Fredag 7. oktober er det duka for premiere i Trivselshagen på Sandane. Dagen etter går turen til Kulturhuset i Sogndal. 14. oktober tek dei 40 songarane og musikarane over scena i Operahuset på Nordfjordeid, og turnéen blir avslutta i Førdehuset laurdag 15. oktober.

– Eg følte meg veldig æra då eg vart spurd om å bli med på dette prosjektet. Det er veldig stas at nokon gidd å bruke tid og krefter på mine songar, arrangere dei for koret, øve og drive på dugnad på noko eg har skrive i all enkelheit. Å oppleve at det betyr så mykje for andre at dei vil ta tak i det på ein slik måte – det er veldig stas for meg, seier Odd-Erik Lothe, den beskjedne nordfjordingen som kanskje er mest kjend som frontfigur og låtskrivar i bandet «Fabel».

Han var også nominert til «Spelemannsprisen» i 1997 og «Årets beste album» i 1997 og 1999. Blant hans mest kjende låtar er «Den finaste songen», «Mann i måne», «For halv maskin» og «Nordfjordnatt». Desse er blant melodiane som blir framført på konsertane.

– Stardalen Mannskor er eit kjempebra kor som går heilhjarta inn for det dei bestemmer seg for. Koret står fram med songglede, engasjement og trøkk, seier Lothe.

I september sleppte han sitt hittil siste album, «Jaguar», saman med gruppa Mighty Magnolias. Våren 2023 er det duka for nytt album, då saman med Olav Stedje og Finn Tokvam.

– Etter planen skulle det siste albumet blitt sleppt i haust, men då skjedde det rett og slett for mykje, så det vart utsett til våren neste år, seier Lothe.

– Med andre ord ein travel haust og vår?

– Det blir mest av alt kjekt, seier Lothe.

Sopran frå Gloppen

Sopranen Synnøve Nordvik set også sitt preg på konserten, mellom anna med eiga tolking av legendariske «Shanadoah». Ho er fødd og oppvaksen i Gloppen, har studert hos operasongaren Elisabeth Nordberg Schultz og har vore solist på festivalar og konsertar i inn- og utland.

Koret har også denne gongen gjennomført fleire øvingskonsertar for å gje publikum ein smakebit på kva som ventar. Den siste vart gjennomført i ærverdige Innvik Ullvarefabrikk i august med 130 menneske i salen.

Også det etter kvart faste orkesteret til koret blir med på turnéen. Orkesteret er samansett av Arne Søholt (tangentinstrument), Jørn Moen (slagverk) Håvard Nordvik (blåseinstrument), Eivind Kjørvik (bass), Geir Søreide (gitar) og Torgeir Apalset (gitar). Trygve Apalset er musikalsk leiar.