Stadig fleire nektar å godta førarkortbeslag

Av

Politiet må ta fleire saker om råkøyring til retten fordi fartssyndaren ikkje godtek mellombels førarkortbeslag.

DEL

Folk satsar på at politiet ikkje klarer å overhalde fristane dei er pålagde, seier Utrykkingspolitiet (UP) til Adresseavisen. Mellom anna er det ein frist på tre veker før trafikksaker blir sende til retten.

– Vi ser at sjåførane berre sjeldan utfordrar eller er usamde i målingane. Dei innrømmer ofte å ha køyrt for fort, og godtek storleiken på bota, men godtek ikkje tapsperioden. Dette betyr at ein større del saker krev meir påtaleressurs og tek lengre tid, seier Ellen Moksnes Andresen. Ho er kontaktjurist for UP og jobbar ved Felles Straffesaksinntak (FSI) hos politiet i Trøndelag.

Andersen seier at om lag ein tredel av dei som blir stoppa, ikkje godtek inndraginga. Det bidreg til meirarbeid for politijuristar og aukar arbeidsmengda for rettsvesenet.

– Det verkar som om det har breidd seg ei oppfatning om at folk kan sleppe unna eller slepp billegare dersom dei nektar å gå med på førarkortbeslag. Dette stemmer jo ikkje, seier distriktsleiar Anders Sjøtrø i UP i Midt-Noreg til avisa.

Fram til mai i år mista så mange som 2.487 personar førarkortet på grunn av høg fart i Noreg. Det er ein auke på 20 prosent i forhold til same periode i fjor.

Artikkeltags