Gå til sidens hovedinnhold

Stadig fleire blir råka av målretta «Olga-svindel»

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvar dag sperrar Telenor over 200.000 svindelanrop. Den siste tida har det dukka opp ein ny, utspekulert metode som rettar seg mot eldre, sårbare menneske og råkar særleg kvinner.

– Svindlarane ringer systematisk til kvinner ved namn som Olga, Kari, Sigrid og Gerd for å lure dei til å gje frå seg personsensitive opplysningar og bank-ID. Desse namna er gjerne vanlege for eldre generasjonar kvinner, og er lette å finne fram til i nummeropplysninga.

Det seier Hanne Tangen Nilsen, sikkerheitsdirektør i Telenor Norge i ei pressemelding.

Gir seg ut for å vere banken

Svindlarne jaktar alltid etter offer dei kan lure. For å skjule kven som ringer, brukar svindlaren ofte eit falskt, norsk nummer. Ein annan metode er at vedkommande gøymer seg bak eit eksisterande telefonnummer registrert på ein annan person eller verksemd, såkalla «spoofing». Offeret anar derfor gjerne ikkje uråd når svindlaren tar kontakt.

– Svindlaren lèt som at det er banken som ringer, og forklarer at eit lån er klart for utbetaling. «Olga» nektar at ho har tatt opp eit lån, og takkar sjølvsagt ja til å bli sett over til andre i banken for å hindre utbetalinga, seier Nilsen.

Etter å ha blitt «sett over», gir ho frå seg passord og personlege opplysningar til svindlarane. Så fort svindlaren har fått kontroll på nettbanken, blir kontoen tappa for pengar.

Les også

Knut Helge betalte billett som viste seg å vere feil. Då fekk han 2200 kroner i straff

Blokkerer 73 millionar telefonar i året

No ber Telenor folk om å vere ekstra varsame for slike telefonar.

– Ingen bankar eller andre seriøse aktørar ber deg om denne type opplysningar på telefon. Då er det reinspikka svindel, åtvarar sikkerheitsdirektøren.

Dagleg blokkerer dei over 200.000 telefonar, som svarar til omkring 73 millionar telefonar årleg.

– Dette inkluderer både wangiri-telefonar, der målet er at du skal ringe tilbake til et betalingsnummer svindlaren har oppretta, og «spoofa» samtalar frå utlandet, seier Nilsen.

Utfordringa er at svindlarane byter telefonnummer heile tida, slik at sperringane blir mindre effektive.

Råd mot «Olga»-svindel

  • Aldri oppgi sensitive opplysningar over telefon. Det kan vere innloggingsdetaljar, personopplysningar, passord eller kontoinformasjon.
  • Dersom du mistenker at du har blitt forsøkt svindla, ta kontakt med banken din eller mobiloperatøren din.
  • Som pårørande ver særleg merksam på familiemedlemmer som kan vere ekstra utsett.

Les også

Politiet undersøker arbeidsplassar: Får tips om permitteringssvindel

Les også

Åtvarar mot «koronasvindlarar»

Kommentarer til denne saken