Kystverket: Stad skipstunnel kan stå ferdig i 2025

Artikkelen er over 1 år gammel

Kystverket meiner dei kan starte med bygginga av tunnelen i 2021.

DEL

Det melder Styringsgruppa for Stad skipstunnel i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Det var NETT.NO og NRK som først omtala saka.

Kystverket slår fast at dei kan bygge Stadt skipstunnelen innanfor kostnadsramma som er sett av i Nasjonal transportplan (NTP). I ein rapport til Samferdsledepartementet opplyser Kystverket no at dei kan bygge tunnelen for ei styringsramme på 2876 (inkl. mva.). Det er ein reduksjon i forhold til forprosjektet til Kystverket og kostnadsramma i NTP.

I rapporten (Stad Skipstunnel. Videreutvikling og prosjektoptimalisering) viser Kystverket også til at samfunnsnytta er auka med rundt 1. milliard kroner, skriv Styringsgruppa for Stad skipstunnel.

Kystverket foreslår vidare byggestart i 2021 og opning i 2025.

Styringsgruppa for Stad skipstunnel er svært fornøgde med at Kystverket har fått ned kostnadane og at samfunnsnytta er auka, skriv dei.

Artikkeltags