SSB: Skulestenging kostar samfunnet 1,7 milliardar per dag

Av

Læringstapet for borna kombinert med produksjonstapet til foreldra er rekna ut til å koste samfunnet om lag 1,7 milliardar kroner per skuledag, ifølgje SSB.

DEL

Statistisk sentralbyrås rapport om dette vart publisert onsdag morgon.

Rapporten slår fast at skulestenging fører til redusert læring og humankapital for barnehageborn og elevar til og med vidaregåande opplæring. Redusert læring fører òg til lågare produktivitet og løn seinare i livet.

Sjølv om kostnadene av ein enkelt tapt skuledag er små for den enkelte, blir tapa store når ein summerer alle born og unge i utdanningssektoren over fleire dagar.

– Store kostnader

– Sjølv med svært forsiktige anslag om verdien av læring blir kostnadene av å stengje skular veldig store, seier forskar Martin E. Andresen, ein av dei tre som står bak rapporten.

Rapporten anslår at den samla nedgangen i framtidige inntekter er på 1,4 milliardar kroner per skuledag.

Studentane innan høgare utdanning får forseinka framgang i undervisinga og vil dermed kome seinare ut i arbeidslivet. Kostnaden dette utgjer, er anslått til 2,2 milliardar for heile vårsemesteret.

I rapporten har ein òg sett på konsekvensane heimekontor får.

Heimekontor

– Når ein må vere heime og passe borna, får ein ikkje jobba like effektivt som før, dette fører til ein betydeleg nedgang i samla produksjon, seier Simon S. Bensnes, som saman med Andresen og Sturla A. Løkken har utarbeidd rapporten.

Med konservative anslag kjem forfattarane av rapporten fram til at reduksjonen i produktivitet med heimekontor utgjer 234 millionar per dag.

Artikkeltags