Sprengingsuhell i Svelgen: Fleire hus og bilar har fått skade

DEL

Tysdag ettermiddag skjedde det eit sprengingsuhell i Svelgen.

Entreprenørservice i Førde har i lang tid jobba med å skyte ut eit nytt industriområde ved Rise. Tysdag ettermiddag skjedde det som ikkje skulle skje:

Då den siste dynamittsalva gjekk av, hagla det sprengstein over fleire bygningar på andre sida av fylkesvegen, skriv Firdaposten.

No ønskjer politiet å kome i kontakt med alle som har fått skade på eigedelar, eigedom eller anna. Ring dei på: 57796630.

Artikkeltags