Rv13 Vikafjellet mellom Vassbakken og Storehaugtunellen blir stengt mellom 08:00-15:00 i periodar på inntil 30 minutt.
Det blir sprenging av snøskavlar og rydding av vegbane. Snøskavlane er ikkje ei fare for trafikantane no, seier trafikkoperatør Kristian Fausken.
– Det er ikkje fare for at snøskavlane kan dette ned i vegen, men om dei ikkje blir fjerna no blir dei vanskelegare å handtere.
Han trur ikkje dette vil føre til lange køar.
– Det er ikkje sikkert folk vil merke den store forskjellen, då det berre blir stengt i korte periodar, seier han.