Kan få ny rekord i Mållaget

AUKAR: Leiar i mållaget i Sogn og Fjordane gler seg over stadig fleire medlemar i fylket.

AUKAR: Leiar i mållaget i Sogn og Fjordane gler seg over stadig fleire medlemar i fylket. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Sogn og Fjordane Mållag har auka med 450 medlemar dei siste ti åra. No kan dei sette ny medlemsrekord.

DEL

I dag har Mållaget i Sogn og Fjordane 1106 medlemar. Då kan det gå mot endå ein rekord i medlemstal, skriv mållaget i ei pressemelding.

– Denne medlemsveksten vi har no er særs gledeleg, og vi merkar at det kjem til medlemmar frå heile fylket, seier leiar Hallstein Dvergsdal i Sogn og Fjordane Mållag.

No ønsker han seg fleire aktive lokallag, i tillegg til dei elleve som allereie finst.

– I Sogn og Fjordane er det nær 13.800 nynorskelevar. Vi arbeider for at alle skal kunne bruke nynorsk, og at det skal vere lett å til dømes vere nynorskelev. Fleire medlemar gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon. Di fleire vi er, di sterkare står nynorsken, seier Dvergsdal i pressemeldinga.

Artikkeltags