Sportsanker fekk mediemålpris

Annemartha Giske (38) vann Alf Helleviks mediemålpris for sin bruk av nynorsk i jobben som sportankar.

Annemartha Giske (38) vann Alf Helleviks mediemålpris for sin bruk av nynorsk i jobben som sportankar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Annemarta Giske (38) frå Nordfjordeid vann Alf Helleviks mediemålpris for sin bruk av nynorsk i jobben som sportsankar på TV 2.

DEL

Det er Litteraturselskapet Det Norske Samlaget som administrerer prisen.

– Viktig språkleg førebilde

Juryen grunngir pristildelinga med at Giske er ein språkmedviten journalist og at ho har vore nynorskbrukar gjennom alle sine år som journalist. Giske har jobba i TV2 sidan 2006. Ho held på nynorsk i ein bokmålsorientert redaksjon, og innanfor eit stoffområde prega av bokmål og dialekt.

I Samlaget si pressemeldinga kjem det fram at Giske vinn eit diplom og 25.000 kroner for sin nynorskinnsats.

Ho er eit viktig språkleg førebilde og brukar ein normert nynorsk både i opplesing og intervjusituasjonar, står det i pressemeldinga.

– Det er kjempekjekt å få utmerking for språket. Språk er noko som betyr mykje for meg, seier Annemarta Giske.

Ho var ein av TV2 sine programleiarar under OL i Sotsji i fjor, og leia sendingane frå OL-byen med stødig hand og klokkeklar nynorsk.

– Det har vore naturleg for meg å bruke nynorsk, den ligg tett opp til Eid-dialekta. Det er viktig for språket at det blir brukt, også på tv, seier Giske, og legg til at ho er nøgd med måten arbeidsgivaren legg vekt på å ha eit godt språk.

– Trass i at sport ofte er sett på som ein arena for å bruke klisjear og ikkje vere så opptekne av språk, så slepp ein ikkje unna med slurv i TV2 sporten. Davy Wathne til dømes er veldig god på språk, seier Giske.

Går til yngre brukarar

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.

Tildelinga av prisen til Annemarta Girske var samrøystes i juryen.

Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av Sigvart Østrem, Inger Størseth Haarr og Magni Hjertenes Flyum.