– Dette var ein tung og sein volleyball-kveld. Vi kom oss aldri frampå. I dei to første setta vart vi halsande etter heile vegen, seier Førde-trenar Jan Egil Tvinde på telefon frå Portugal.
Han har akkurat sett Førde tape 3–0 (25-21, 25-23, 25-11) i returkampen mot Fonte Bastardo Azores føre 679 tilskodarar. Den første kampen i Førde for to veker sidan vann dei portugisiske seriemeistrane 3–1. Det betyr at Førde er utslegen av Challenge Cup.
– Vi sleit i mottak og legg, og dei sette gode blokker. I dei to første setta var vi ikkje håplaust langt bak, men i det tredje så hadde vi ikkje sjanse. Då var det éin spelar på deira lag som serva inn rundt ti poeng åleine, seier Tvinde.
Skuffa kaptein
Førde-kaptein Mathias Loftesnes var ein skuffa mann då Firda prata med han like etter kampslutt.
– I dag fekk vi ein skikkeleg smell. Vi var rett og slett ikkje på, så no er vi veldig skuffa. Dei var ikkje spesielt gode dei heller, så det er lov å deppe. Nei, dette var ikkje ei god oppleving, seier Loftesnes.
– Kva var det som ikkje fungerte?
– Det er vanskeleg å seie no så raskt etter kampen. Men vi tenkte nok litt for komplisert på førehand. Vi fokuserte for mykje på dei og fekk ikkje vårt eige spel til å sitje, seier Loftesnes.
– Fått smakt på profflivet
Sjølv om kampen ikkje vart det førdianarane drøymde om på førehand, var likevel opplevinga av å spele Europacup på ei øy midt ute i Atlanterhavet veldig god.
– Vi har hatt ein fin tur, for all del. Vi er blitt tekne godt vare på her nede. Vi har fått smake litt på profflivet. Alle mann har fått fri frå jobb og skule og berre konsentrert seg om volleyball, seier Loftesnes.
Heller ikkje stemninga i hallen var noko å seie på.
– Det var veldig god stemning i hallen med masse trommer, men det var eigentleg ein grusom hall å spele i. Det var ein voldsom akustikk og mykje lyd, seier Tvinde.
Sjølv om Europacup-eventyret er over for denne gong, sit trenaren at med gode erfaringar.
– Den heimekampen i Førdehuset var skikkeleg gøy. Eigentleg heilt fantastisk. Då presterte vi bra i alle sett, og spesielt godt i to. I dagens kamp er det eigentleg berre det andre settet som er godkjent, seier Tvinde.