Vart akkurat litt for små

Mathias Loftesnes fortvilar etter at Førde har tapt poeng mot det portugisiske laget.

Mathias Loftesnes fortvilar etter at Førde har tapt poeng mot det portugisiske laget. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Førde greidde ikkje å tukte den portugisiske seriemeisteren.

DEL

Fonte do Bastardo Azores vart akkurat litt for sterke for Førde. Dermed tapte laget frå Sunnfjord 3–1 på heimebane i Førdehuset i første runde av europacupen. No ventar ei massiv oppgåve i returoppgjeret i byen som ligg halvannan times flytur utanfor Lisboa i Portugal.

– Fleire som presterte

– Akkurat no er det veldig bittert. Vi har tidenes moglegheit til å få fem sett i denne kampen, men gjer litt for mange feil på slutten, seier ein litt skuffa Mathias Loftesnes til Firda etter kampen.

Han vart kåra til Førdes beste spelar etter å ha levert ein kamp som vart betre og betre etterkvart.

– Det sat greitt i angrep utover i kampen. Men det er mange som melder seg på i dag. Sjølv om vi svingar litt for mykje, seier Loftesnes.

Sjekk den sveisen

Førde starta kampen best og leia i fleire periodar det første settet, men så viste portugisarane at dei hadde litt å komme med dei òg.

– Vi vart vel litt nervøse, eller litt for feige. Vi burde teke det settet, seier libero Øystein Bergum.

I det andre settet såg Førde ut som om dei hadde sett eit spøkelse. Det florerte av personlege feil, og dårlege servar. Men på benken visste Jan Egil Tvinde og Tore Aleksandersen råd. Dei gjorde nokre justeringar og i tredje settet var det eit mykje meir offensivt heimelag som kom på bana, framfor kring 1000 tilskodarar.

– Det er heilt rått å spele når stemninga er slik. Publikum løfta oss fram, seier Oskar Raftevold.

Sett vekk ifrå augneblinka då Førde hadde settballar, så var augneblinket då Raftevold kom på bana eit av dei som fekk det høgaste jubelbrølet ut av publikum. For som vanleg hadde Sunnfjord Folkehøgskule, der Raftevold sjølv har vore elev, funne sine plassar på tribunen.

Eventuelt så kan det vere Raftevold sin uortodokse sveis som skapte jubelbrølet.

– Hehe. Den er eigentleg libero Bergum sin feil. Eg laga til håret slik i garderoben ein gong, og då sa han at eg måtte spele ein kamp slik. Då tenkte eg at europacupen passar bra, seier Raftevold om den kring 15 centimeter høge hanekammen.

– Den skulle eigentleg vere blå og, men fargen blei ikkje så bra, legg han til.

Førde vann det tredje settet, og spelte jamt med Azores i det fjerde. Til slutt måtte dei gi tapt 25–27. Dermed får dei ei tøff oppgåve i returoppgjeret i Portugal om fjorten dagar.

Artikkeltags