Stjernene tilbake i Førde

Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes er tilbake i Førde.

Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes er tilbake i Førde. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde er tilbake i Førde-drakta.

DEL

I sin første pressekonferanse i historien kunne Førde Volleyballklubb sleppe ein stor nyheit for volleyballfolket.

Dei har nemleg sikra seg to nye spelarar.

Heim til klubben kjem stjernene Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde.

– Det var eit rett val for meg no, eg kan kombinere volleyball med studie. Så det var ikkje eit vanskeleg val, seier Mathias Loftesnes på pressekonferansen onsdag.

Vil skape den beste klubben

Loftesnes har den siste sesongen spelt i Tsjekkia, medan han før det var i Belgia. For Tvinde er det eit utanlandseventyr på Kypros som nettopp er avslutta.

Vi skal skape det beste laget ein har sett i Norge.

Martin Berntsen, sportsleg leiar FVBK

– Eg var i kontakt med nokre agentar, men har ikkje hatt ei kontrakt på bordet. No vil eg vere med å skape det beste drivne amatørlaget i Norden, seier Tvinde.

– Vi veit kva vi kjem til. No blir det moro å vere med i ein klubb med så mykje positiv energi – vi skal få til noko skikkeleg, seier Tvinde.

Han legg ikkje skjul på at det vart lettare å signere etter at det vart klart at også Mathias Loftesnes var på veg.

– Det er ei stor glede for meg å komme tilbake saman med Mathias. Det er ein eg har spelt saman med lenge – og har det veldig moro med, seier Lars Fredrik Tvinde om det å signere for Førde igjen, etter å ha vore proff i Kypros ein sesong.

– Eg og Lars Fredrik har veldig lik filosofi, og er gode kameratar. Det blir lettare å ta nye nivå saman, seier Loftesnes med eit smil – etter rosen frå lagkameraten.

Medalje-mål

Heller ikkje klubben legg skjul på at dette er to signeringar som gjer at målsettingane må justerast opp frå førre sesong.

– Vi skal hevde oss i toppen igjen no. Neste år er målet å ta medalje i serien, og så har vi lyst på ein tur til  Oslo, seier Jan Ove Hafstad, og siktar til cupfinalen der.

– I løpet av tre til fire år ønskjer vi å skape det beste laget ein har sett i Norge. Det har vi moglegheita til no, seier sportsleg leiar Martin Berntsen.

Spelarane på si side er endå litt meir offensive.

– Vi går for gull allereie i første sesong. Det må vil, seier Tvinde.

– Og vi har lyst til å revansjere cuptapet for to år sidan, seier Loftesnes, som aldri har blitt norsk meister med Førde.

– Dette er noko som vil vere med på å skape meir engasjement kring volleyballen igjen. Vi merka at interessa gjekk ned i fjor, no skal den opp igjen, seier sportsleg leiar i klubben Martin Berntsen, og legg til at dei no tek som mål å bli best i landet.

– Vi skal skap den beste volleyballklubben ein har sett i Norge i løpet av tre til fire år, seier han.

– Vi skal bli trendsettarar i volleyball-Norge, legg Tvinde til.

Artikkeltags