Martin og Emilie sin julevideo fekk sjokkerande stor respons. Sett av over fire millionar

Martin og Emilie Olimstad sin treningsvideo har over fire millionar sjåarar. Video: Privat

VOLLEYBALL: – Eg har ikkje heilt skjønt det sjølv, seier Martin Olimstad (20) og ler.

DEL

Til dagleg spelar Martin Olimstad på Førde sitt seriegulljagande eliteserielag, men då han og søster Emilie Olimstad (17) fekk juleferie, bestemte dei seg for å trene litt annleis enn det dei elles brukar å gjere.

Det fenga. Mange.

For halvannan månad etter jul har over 4 millionar sett treningsvideoen på Facebook, medan 5–6 millionar har sett den på Instagram, ifølgje Martin Olimstad.

– Det er kanskje ei form for trikseskot, men eg hadde aldri førestilt meg at det skulle få så mykje merksemd. Men eg trur det er treningsmåten som gjer at mange let seg inspirere av videoen, seier han.

Kreativ pappa

For på juleferie heime i Åmli var dei berre tre som spelte volleyball då ribbefeittet skulle haldast i sjakk for eliteseriespelarane. Men då var det ein kreativ kar som fann ei løysing for å halde opp intensiteten.

– Pappa, Jostein Olimstad, fann ut at vi kunne setje opp eit plate og spele mot den. Det vart presisjonstrening. Men det er ikkje så vanskeleg å treffe, det trur eg fleire på laget hadde greidd, seier Olimstad.

VIDEOHIT: Martin Olimstad (i midten) har laga ein spektakulær treningsvideo. Her saman med lagkompisane Oskar Raftevold (t.v.) og Jonas Hjelle van Weert.

VIDEOHIT: Martin Olimstad (i midten) har laga ein spektakulær treningsvideo. Her saman med lagkompisane Oskar Raftevold (t.v.) og Jonas Hjelle van Weert. Foto:

Etter at plata var sett opp, vart økta filma. Deretter lagt ut på Instagram og Facebook. Så vart den delt, og delt, og delt. Ifølgje NRK, som også har skrive om saka, vart den delt heile 22.000 gongar berre frå ei Facebook-side.

Plukka opp av amerikanske landslagsspelar

Rekkevidda på videoen har naturlegvis strekt seg utover dei norske grensene.

– Berre nokre dagar etter såg eg at ein amerikansk juniorlandslagsspelar hadde plukka opp øvinga, og laga ein liknande video. Det er nok det at øvinga er så enkel, og at ein kan gjennomføre den utan å vere fulltalige, som gjer det så populært. Vi har fått mange kommentarar på at det er ei genial øving, seier Olimstad.

For Martin Olimstad ventar no kvardagen igjen, for sjølv om han har blitt ein hit på sosiale medium, er det eliteseriespelar i volleyball han først og fremst er. I helga skal han og Førde til Bergen og møte Viking, laget som stort sett har blitt eitt nummer for store i kvar avgjerande kamp denne sesongen.

– Det blir eit tøft oppgjer, men vi må berre gi alt. Vi manglar ganske mange spelarar inn mot helgas kamp, så ein tynnare tropp kunne vi ikkje reist med, seier han, og ramsar opp at spelarar som Mathias Loftesnes, Håvard Aarrestad, Sverre Grønnevik Flåskjer og Øystein Bergum alle slit med skade.

Søstera Emilie Olimstad på si side, spelar eliteserie for Topp Volley Norge i Rogaland, og kamp mot OSI heime laurdag.

Artikkeltags