Gå til sidens hovedinnhold

I dag sikra dei dobbelt-triumf

Artikkelen er over 5 år gammel

Førde er seriemeister i volleyball.

Førde la grunnlaget med å slå Nyborg i heimeoppgjeret i Gaularhallen førre helg, og reiste til Bergen denne helga med to moglegheiter til å bli seriemeister i volleyball.

Dei greidde seg med berre ein.

For i første oppgjeret mot Nyborg i Stemmemyrshallen, slo Førde knockout på rivalen.

Ein 3-0-siger gjer at Førde no kan kalle seg seriemeister i eliteserien i 2016-sesongen.

Dei vann også cupen i januar, og har dermed sikra seg «The double».

Les også

Rett på rommet og spretta sjampanje etter cupgull

Kommentarer til denne saken