Gå til sidens hovedinnhold

Henta til Japan for OL-trening

Artikkelen er over 4 år gammel

VOLLEYBALL: Lars Fredrik Tvinde og makker Hendrik Mol er headhunta til Japan for å hjelpe til i OL-kvaliken.

– Det er utruleg kult at vi har fått høve til dette. Vi har ei veke i Japan, seier Førde-spelar Lars Fredrik Tvinde.

Han og volleyballmakker Hendrik Mol har den føregåande veka vore i Japan, på eit heilt spesielt ærend.

Headhunta for OL-trening

– Det kom plutseleg ei melding på Facebook i førre veke, med ein førespurnad om vi ville komme til Japan å sparre med landslaget her. Dei skal forsøke å kvalifisere seg til OL, på same måte som Geir Eithun og dei norske skal, seier Tvinde til Firda.

Legg ein til i reknestykket at det heile ikkje kosta ei krone, så var det nok eit enkelt var for dei to volleyballspelarane.

– Vi er headhunta hit, og blir rett og slett flogne inn med dekt opphald og reise, seier Tvinde.

– Det er ikkje ofte ein kan få ein gratis tur til Japan, legg han lattermild til.

Området dei er i er i Onjuku Beach, eit populært feriemål, ifølgje den amerikanske tenesta Tripadvisor.

– Bra høgt nivå

Og det er ikkje berre for dei to nordmennene å møte opp på trening og tru at det skal ende med siger i volleyballkampane.

– Det er bra nivå her. Spelar ein ikkje 100 prosent, så vinn ein ikkje kampane her nede. Det gjer ein ikkje med alle uansett, seier Tvinde.

Det japanske laget dei sparrar med, har også henta inn eitt lag frå Canada og eitt lag frå USA. Så treninga er bra for dei to nordmennene og.

– Her er fantastisk flott også. Vi bur like ved stranda, og det er berre sju minutt å gå til banene. I tillegg er det ein mykje rolegare enn t.d. Tokyo, seier Tvinde.

For den regjerande norgesmeisteren og seriemeisteren er planane for sommaren litt annleis enn for det japanske paret dei sparrar med.

– Hovudmålet vårt er å gjere det bra i VM for studentar frå 13. til 18. juni. Så får ein sjå litt etter det kva som skjer. Hendrik skal tilbake til USA og halde fram som student, seier Tvinde.

Kommentarer til denne saken