Håpar å rette opp Europa-nedturen i cupen

Førde-trenar Jan Egil Tvinde håpar laget skal slå tilbake mot Viking i cupen, etter Europa-exiten.

Førde-trenar Jan Egil Tvinde håpar laget skal slå tilbake mot Viking i cupen, etter Europa-exiten. Foto:

FØRDE: Alt låg til rette for Førde-siger i europacupen mot erkerivalen, men sunnfjordingane kom til kort.

DEL

– Det var surt, men Viking spelte utruleg godt. Skulle vi greidd å slå dei i går, måtte vi hatt ein enorm prestasjon, seier Jan Egil Tvinde, trenar for herrelaget til Førde volleyballklubb.

I førre veke reiste førde til Bergen for å spele det første av to oppgjer i europacupen mot TIF Viking, klubben Nyborg slo seg saman med i 2016. Der vann Førde 3–2 og hadde dermed eit draumeutgangspunkt før returoppgjeret i eiga leikegrind.

Skadeplaga

Trass i Førde-siger i det første settet, vann Viking kampen 3-1, og sikra seg dermed avansement i europacupen.

– Onsdag vart det stopp etter første settet. Vi hadde eit bra utgangspunkt, men så står desse bergensarane i vegen igjen. Heldigvis har vi stått i vegen for dei nokre gongar òg, seier Tvinde om tapet mot erkerivalen.

For Førde sin del har det vore uttrykt eit ønskje om å gå vidare i europacupen, men dei har aldri greidd å ta steget vidare frå første runde.

– Heilt enkelt så må vi spele betre volleyball. Vi har ein ganske tynn stall i år, og når vi også har fått ein del skader, så blir det vanskeleg.

Cup-revansje?

Den siste veka har Førde spelt tre kampar mot Viking, men dei er ikkje ferdige med erkerivalen enno. No ventar dobbeltkamp i semifinalen i cupen, og der også er det Viking som er motstandar.

– Vinn vi samanlagt skal vi vere bra nøgde med desse fem kampane. Cupfinalen hadde det vore veldig kjekt å komme til igjen, seier Tvinde.

Førde byrjar med heimekamp mot Viking denne laurdagen, før returoppgjeret vert spelt helga etter.

– Greier vi få ein bra inngang til dei kampane, er det fullt mogleg å slå Viking. Det har vi gjort før, seier Tvinde.

Artikkeltags