Europacup-thriller i Førdehuset - Førde tapte med knappast mogleg margin

TAPTE: Førde leia 1-0 og 2-1, men det vart til slutt eit 2-3-tap i europacupkampen mot TIF Viking.

TAPTE: Førde leia 1-0 og 2-1, men det vart til slutt eit 2-3-tap i europacupkampen mot TIF Viking. Foto:

VOLLEYBALL: Rivalen TIF Viking frå Bergen vann den første av to kampar mot Førde i europacupen.

DEL

Førde sitt herrelag overraska stort og slo ut ukrainske Novator Khmelnytskyi i 32.-delsfinalen i CEV Cup for to veker sidan. Onsdag kveld vart den første av to 16.-delsfinalar spelt, mot eit lag dei kjenner riktig så godt, nemleg TIF Viking frå Bergen.

Her vart det 3–2 til gjestane frå Bergen.

– Vi spelar litt for ustabilt, og det svingar veldig. Men eg meiner likevel vi har eit godt utgangspunkt før returoppgjeret, seier Førde-kaptein Mathias Loftesnes.

Førde tok første sett

Førde sjokkopna og tok seks poeng på rappen i det første settet. 6–0 stod det altså før TIF Viking fekk sitt første.

Bergensarane fekk summa seg og kom meir med i kampen etter kvart, men Førde hadde stadig overtaket.

TIF Viking var aldri veldig faretruande nærme, og Førde drog i land det første settet med siffera 25–19.

Viking slo tilbake

Sett nummer to starta som det første, men denne gongen var det gjestane frå Bergen som tok fullstendig kommandoen frå start.

Viking tok kjapt ei 6-1-leiing. Førde vakna litt til live, men på stillinga 16–10 trudde nok dei fleste at Viking skulle vinne settet greitt.

Men med eit feststemt publikum i ryggen kjempa Førde seg inn igjen i kampen. På stillinga 17–19 til Viking var det fullt liv igjen. Skulle Førde likevel klare å vinne settet likevel sjølv om det såg håplaust ut?

Svaret er nei.

Nærmare enn differansen på to poeng kom ikkje Førde. Viking vann det andre settet og utlikna til 1–1.

Raftevold-show!

Viking starta best også i sett nummer tre, men dei fekk ikkje lov til å fosse ifrå slik dei gjorde i det andre. Førde henta inn forspranget tidleg, og laga følgde kvarandre tett som hagl.

På stillinga 19–19 stakk derimot eitt av laga litt ifrå, og det var Viking.

Dei tok tre poeng på rappen og leia 22–19 og 23–20.

Då låg Førde dårleg an, men heldigvis har dei Oskar Raftevold. Først reduserte Førde til 21-23, før Raftevold stal showet fullstendig. Han serva like godt inn fire poeng på rad!

Dermed snudde Førde det heilt på slutten og gjekk opp i 2-1-leiing etter 25–23 i det tredje settet.

– Det kjem eg heilt sikkert aldri til å gjere igjen! «Once in a life time». Eg kjem til å sjå dei servane mykje på video, seier Raftevold og gliser.

SOLID: Oskar Raftevold frå Innvik sørga for at Førde vann sett nummer tre.

SOLID: Oskar Raftevold frå Innvik sørga for at Førde vann sett nummer tre. Foto:

Viking gav seg ikkje

Med 2–1 til Førde kunne dei med siger også i det fjerde settet vinne kampen.

Det skjedde ikkje. Utover i settet hadde Viking full kontroll.

25–17 vart det til slutt, og dermed sørga dei for at det måtte eit femte og siste sett til 15 poeng for å avgjere kven som tok det første stikket av dei norske rivalane.

Gjestane tok sigeren

Her blei det så tett og jamt som ein kunne håpe for dramatikken sin del. 

Laga følgde gjennom settet, men på slutten viste Viking som det sterkaste laget denne kvelden.

Dei vann det siste settet 15-13, og dermed kampen 3-2.

Det betyr at dei er i førarsetet før returoppgjeret i Bergen neste veke.

Vinn Førde 3-0 eller 3-1 i den kampen så er dei vidare til 8.-delsfinalen i CEV Cup, og vinn dei 3-2 så blir det eit avgjerande "golden set" til 15 for å kåre ein vinnar.

Vinn derimot Viking kampen, då er dei vidare.

– Det er Viking vi har mest lyst å slå, men i dag stressa vi for mykje. Vi fekk ikkje ting til å sitte skikkeleg, seier Oskar Raftevold.

Artikkeltags