Europacup-parodi: Damelaget sin kamp avblåst fordi motstandaren ikkje hadde nok spelarar!

AVBLÅST: Det franske laget Saint Raphael hadde berre med seg seks spelarar til Førde, talet ein minimum kan ha i ein volleyballtropp. Når det så fekk ein spelar skada, vart kampen avblåst.

AVBLÅST: Det franske laget Saint Raphael hadde berre med seg seks spelarar til Førde, talet ein minimum kan ha i ein volleyballtropp. Når det så fekk ein spelar skada, vart kampen avblåst. Foto:

VOLLEYBALL: Det skulle bli ein fest, og det var det lenge. Til slutt enda damelaget til Førde sin europadebut som ein parodi fordi gjestane ikkje hadde med seg nok spelarar til å fullføre kampen.

DEL

Endeleg fekk damelaget til Førde sin debut i CEV Cup, den nest høgste rangerte europacupen. Sjølv om dei franske proffane Saint Raphael leia 2–0 i sett og såg ut til å ta ein grei siger, var det ein fest med mykje folk og god stemning i Førdehuset.

Europacup-festen skulle derimot få ein brå slutt.

Ein spelar på det franske laget vart skada og kunne ikkje fortsette kampen. Som regel er ikkje det noko problem, då ein kan setje innpå ein ny. Problemet var berre at Saint Raphael ikkje hadde med seg innbytarar.

Reglane er at ein må ha seks spelarar på bana for at ein kamp kan gjennomførast, og sidan det franske laget ikkje hadde med seg innbytarar måtte kampen avsluttast.

Det betyr at Førde vart tilkjend sigeren 3-2. Det franske laget fekk behalde sine to sett-sigrar.

– Det er trasig at vi ikkje kan spele ferdig kampen. Eg kallar det arroganse at dei ikkje stiller med komplett lag. Det er ikkje det her vi profilerar. Vi prøvar å gjere ein god jobb med arrangement, og så kjem laget med altfor lite spelarar, er styreleiar i Førde VBK, Bjørn Holvik, sin klare tale.

IKKJE IMPONERT: Bjørn Holvik er styreleiar i Førde VBK. Han er ikkje fornøgd med at det franske laget kom med berre seks spelarar til Førde.

IKKJE IMPONERT: Bjørn Holvik er styreleiar i Førde VBK. Han er ikkje fornøgd med at det franske laget kom med berre seks spelarar til Førde. Foto:

Artikkeltags