Eitt steg nærmare nordisk finale

Mathias Loftesnes tok 22 poeng då Førde slo det danske laget Ishøj.

Mathias Loftesnes tok 22 poeng då Førde slo det danske laget Ishøj. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Heva seg og slo danskane.

DEL

Førde slo det danske laget Ishøj 3–1 i sett i Stemmemyrhallen og er berre ein siger mot Viking frå å vere klar for finalen i Nordic league.

Men Førde kom litt seint i gang mot det danske laget, og fekk aldri heilt tak på det første settet. Dermed var det danskane som hadde det beste utgangspunktet etter å ha vunne det settet 25–23.

Så kom det eit kjempesett frå Førde. Ført av ein god Mathias Loftesnes knuste Førde det danske laget heile 25–13 i det andre settet.

Dermed var laga like langt, og Førde hadde planar om å halde fram trykket.

Det tredje settet enda med 25-21-siger og då alt kunne avgjerast, hadde Førde nok nervar til å sikre seg 25–22 i det fjerde settet.

Dermed vann Førde kampen, og skal møte Viking søndag klokka 18.00 i ein rein gruppespelfinalen.

Vinnaren vil vere sikra ein plass i sluttspelet i nordisk liga, medan taparen truleg ryk ut.

For Førde sin del vart Mathias Loftesnes den som plukka flest poeng med sine 22. Bak han følgde Oskar Raftevold med 12 og Martin Olimstad med 10.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken