Det var ein heilt spesiell grunn til at alle plutseleg hadde bleika håret

Artikkelen er over 3 år gammel

Og nei, grunnen er ikkje at 90-talet har komme snikande tilbake. Grunnen er eit løfte til brasilianske Vitor.

DEL

– Vi lovde Vitor (Macedo) det då han kom til klubben i januar, seier Mathias Loftesnes, etter at Førde har slått BK Tromsø 3–0 i den første kampen i best av tre-serien i finalen.

Løfte gjekk ut på at dersom laget tok seg til finalen i sluttspelet i eliteserien, så måtte alle til frisøren. Bleiking. Bleika blondt hår, for å vere presis. Som eit kaldt gufs frå 90-talet.

– Om det er pent? Nokon av oss ser bra ut, seier Vitor. Smilet som brer om seg når han fullfører setninga går frå øyre til øyre. Han ser alle dei bleike hovuda rundt seg. Til og med nokre nybleika skjegg.

Overtru og offer

Oppleggjaren fortel at i heimlandet Brasil er dei opptekne av overtru. Og at det er vanleg med løfter, både overfor seg sjølv og i eit lag.

– Det handlar ofte om å skulle gjere eit offer. Som å ofre utsjånaden. Så då eg kom i januar sa eg at eg tykte vi skulle farge håret blondt om vi kom til finalen, seier Macedo.

Då var Førde på femteplass. Eit hav bak dei andre topplaga, trass i at dei var forsvarande meister.

– Eg er nøgd med det vi har gjort så langt. Dette er ein spesiell gjeng. Vi er ei blanding av unge og eldre spelarar, som alle jobbar knallhardt for kvarandre. Vi blir haldne unge.

Brasilianaren har kontrakt med Førde ut sesongen, og fortel at dei allereie har ein dialog om neste år, men at han ikkje har bestemt seg. Det skal han gjere i løpet av dei kommande vekene.

Blanda drops

Alle spelarane, så nær som to – som visst nok ikkje var til stades då lovnaden vart inngått – har farga håret blondt. Det slapp trenar Jan Egil Tvinde. I staden har han vore i klesskåpa og funne ein dress som heilt sikkert set han i respekt hos trenaren til gjestane i joggedress.

– Det er ikkje eg som har hatt jobben som frisør. Det er heilt sikkert, seier Tvinde.

– Kva du tykkjer om resultatet då? Vart det pent?

– Nokre av spelarane kledde det. Andre kan det gå an å venne seg til, seier trenaren med smil, og manøvrerer forbi spørsmålet som ein erfaren los.

Han er klar på at oppleggjaren Vitor, som er grunnen til at spelarane no ser ut som ein dansegolv frå disko-alderen, har teke med seg energi. Løfta gruppa, og gitt naudsynt konkurranse.

– Kan hende det skulle vore eit krav at spelarane til Førde var høge og blonde, då og dei som vel å farge håret. Neidå. Det var ei greie som dei lovde Vitor no, seier Tvinde.

Vil forsvare gullet

På parketten fekk han sjå eit bra fokusert Førde-lag, som var det dominerande laget i kvart sett – sjølv om dei let gjestene innpå mot slutten av kvart sett.

– Eg er glad vi vann 3-0, og at vi ikkje knuser dei. No skal vi ikkje reise til Tromsø å ta lett på dei.

– For Førde har aldri greidd å forsvare eitt gull?

– Nei, vi har ikkje det. Så vi har veldig lyst å greie det, seier Tvinde.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken