Desse jentene sikra historisk finalespel

VOLLEYBALL: Tre sigrar og full pott i helga. Dermed er Førde sine volleyballdamer klar for finalerunden i Nordisk liga.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det har vore ei veldig bra helg, det meste har gått bra for oss, seier Førde-kaptein Hilde Elvebakk på telefon til Firda frå Rogaland etter at Førde sikra seg finalespel med 3-0-siger mot vertane Randaberg.

Samla sett var det fem norske damelag i dei innleiande rundane, og Førde får selskap av Oslo Volley i finalerunden.

Den har dei norske damene eit håp om at dei skal få til desse kantar.

– Vi reiser dit vi må, men vi har fått beskjed om at klubben skal søkje om å få arrangere finalerunda, seier Elvebakk.

I tillegg til Randaberg har Førde også møtt det engelske-laget Polonia Side Out og Team Køge.

Artikkeltags