Gå til sidens hovedinnhold

Dei tapte første semifinalen, men håpet om cupfinale lever

Artikkelen er over 5 år gammel

Randaberg blei for sterke i Rogaland mot Førde.

Randaberg er det siste hinderet som står i vegen for Førde i jakta på ein cupfinale.

Men då må dei gjere jobben betre enn det dei greidde denne helga, for i det første av to semifinaleoppgjer enda det med 3-2-siger til Randaberg.

– Vi skulle gjerne vunne kampen, så det er sjølvsagt skuffande å tape. Når det er sagt så er vi veldig nøgde med at vi tok to sett. Det var viktig, seier Førde-trenar Jan Egil Tvinde til Firda etter kampen mot Randaberg.

Håpet lever

Han vedgår at om han hadde fått tilbodet om dette resultatet før kampen, ville Tvinde vore tilfreds med det.

– Eitt poeng i denne kampen er så utruleg mykje meir enn null. Vi tapar kampen fortent nok, då vi manglar stabilitet i mottak og blokk. Der er vi ikkje gode nok i dag, seier Tvinde.

Men at håpet lever har han heilt rett i. For det å kvalifisere seg til cupfinalen er eit resultat av to oppgjer, der samanlagtvinnaren går vidare. Det betyr at om Førde vinn 3–1 eller 3–0 i Førdehuset neste helg, er dei klar for finalen.

Skulle kampen ende med 3-2-siger til Førde, så vil det blir eit ekstra sett, Golden sett, som avgjer kven som får finalebilletten.

Håpar på folkefest

– Dermed må førdianarane kjenne si gjestingstid neste helg. Vi treng eit sterkt heimepublikum som kan bere oss til cupfinalen, seier Tvinde.

Han er klar på at laget er nøydt til å vere betre i mottaksfasen om det skal gå.

– I tillegg var vi litt hemma av sjukdom i dag. Vi hadde eit par spelarar som har vore sjuke, og vi mangla Geir Eithun. Men han er klar til returoppgjeret, seier Tvinde.

Kommentarer til denne saken