Skal hjelpe deg så du ikkje vel ein livsfarleg topptur

SKRIV BOK: Denne gjengen er eit lite knippe av dei som jobbar med boka om toppturar i Sunnfjord. Frå venstre: Torje Bjellaas, Per Magne Bakke og Brit Siv Fimland.

SKRIV BOK: Denne gjengen er eit lite knippe av dei som jobbar med boka om toppturar i Sunnfjord. Frå venstre: Torje Bjellaas, Per Magne Bakke og Brit Siv Fimland. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SUNNFJORD: Dei reklamerer for Sunnfjord som eit eldorado for toppturar året rundt. No har dei besøkt mange av toppane for å teste ut varierte ruter. Det har blitt Toppturboka i Sunnfjord.

DEL

– Det nye vi gjer, er at vi vurderer terrenget og deler det inn i forskjellige terrengklassifiseringar med tanke på skred. Der har vi tre graderingar; enkelt, utfordrande og komplekst, seier Per Magne Bakke, tinderettleiar og ein av dei som har teke initiativet til toppturboka i Sunnfjord.

– Dette er spesielt relevant for dei som har mindre kunnskap og erfaring med skred. Dette skal hjelpe fleire å velje den rette turen, under dei rette tilhøva, seier Bakke.

Han fortel vidare at det er ganske konkret kva som skal til for å få dei forskjellige klassifiseringane, og at det i Sunnfjord er fleire døme på turar i alle kategoriar.

I tillegg vert dei forskjellige turane vurderte i fleire andre kategoriar, deriblant kor teknisk vanskeleg turane er, og faren for utgliding. Det siste vil rett og slett seie at ein vurderer kor stor faren for at ein person som dett på ski, ikkje stoggar.

To sesongar – 230 ruter
MÅLE: For å kunne gi lesarane eit best mogleg inntrykk av kor bratt det er, vert kvar tur kartlagt på mange forskjellige måtar. Å måle kor bratt det er er ein av måtane.

MÅLE: For å kunne gi lesarane eit best mogleg inntrykk av kor bratt det er, vert kvar tur kartlagt på mange forskjellige måtar. Å måle kor bratt det er er ein av måtane. Foto:

Dei er ein gjeng på rundt ti som har gått saman om å lage boka om fjella i Sunnfjord. Den er sydd etter same leisten som boka om turane i Sogn, og blir gitt ut av forlaget Fri Flyt.

– Vi brukar to sesongar på dette, omtrent. Då vi starta, hadde vi 125 fjell på lista, det er vel 70 til 80 av dei som kjem med i boka. På fleire av toppane er det forskjellige ruter, og alle må kartleggjast – så då må vi gå dei, seier Bakke.

Den erfarne tinderettleiaren er klar på kva som er motivasjonen med boka.

KONTRASTAR: Når det vårast, kan ein oppleve mange årstider på ein topptur.

KONTRASTAR: Når det vårast, kan ein oppleve mange årstider på ein topptur. Foto:

– Sunnfjord er eit eldorado når det gjeld toppturar, men det er for lite kjent. Og så er det kontrastane i det vi har, frå fjellet og breane til vatnet og havet, seier Bakke.

Her kan du lese om Brit Siv Fimland og skikameratane på Grovabreen: Innkrevjaren sitt skattkammer

I dette får han støtte av fotograf Torje Bjellaas, som har reist med alpinlandslaget rundt om i heile verda.

– Vi er i ferd med å presentere eit område i ypparste verdsklasse. Eg har tenkt mykje på dette på toppen av det høgaste fjellet i Colorado, Mount Elbert (ca. 4400 moh.): Vi har det jo finare heime, seier han.

Inspirert av Sogn og Stryn
FORKLARAR: Tinderettleiar Per Magne Bakke snakkar om kva terreng som er i vente på turen på Grovabreen.

FORKLARAR: Tinderettleiar Per Magne Bakke snakkar om kva terreng som er i vente på turen på Grovabreen. Foto:

Han som må kunne kallast mannen bak heile prosjektet, er Leif Kapstad. Han deler Bakke si beundring av det kontrastrike terrenget i Sunnfjord.

– Og her er terreng som passar alle. Ein kan bruke fjellet så å seie heile året, seier han.

– Mange av toppturentusiastane er mest opptekne av å finne ubrukte fjell, med urørt snø. No fører de jo fleire inn i terrenget dykkar?

– Hehe. Det er kanskje nokre som tenkjer slik. Det gjer ikkje eg. Det er kjekt at andre skal få oppleve det vi finne glede i, seier Kapstad.

Kapstad, som har leia gjengen i arbeidet med boka, fortel at dei har late seg inspirere av sine vener i nabokommunane.

– Vi har sett at Stryn og Sogndal har lagt litt beslag på å vere skidestinasjonar. No lyt vi by fram vårt. Vi har eit fantastisk område frå Sunnmøre til Sogn, alt innan to til tre timar i bil, seier Kapstad.

Artikkeltags