Denne helga måtte alt avlysast

Leiar i skikrinsen, Yngve Thorsen

Leiar i skikrinsen, Yngve Thorsen Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

VINTERSPORT: – Ein blir bekymra, men det er ikkje krise enno, seier Yngve Thorsen i skikrinsen, om det som så langt har vore ein katastrofevinter.

DEL

Det såg så bra ut førre helg. Sola var framme i fjelltoppane, snøen låg som eit teppe heilt ned til fjorden, og temperaturmålarane var godt nede på den blå sida av skalaen.

Bekymra, men ikkje krise

Men så kom det klassiske vestlandstrekket. Vêrskiftet. Med det kom plussgrader og nedbør i form av regn. Heilt opp til høgfjellet. Snøen forsvann, og det same gjorde alt som var av terminfesta vintersport denne helga.

– Det er ein tøff jobb å vere skileiar no ja. Så langt i år har det vore ein kamp for å få gjennomført aktiviteten, seier administrasjonssjef i skikrinsen, Yngve Thorsen, til Firda.

– Er det krise for langrennssporten at det har blitt slik?

– Nei. Ein blir bekymra, men det er ikkje krise enno. Vi skal ikkje svartmåle heile bildet. Det er først denne helga det har gått rett vest. Då måtte vi avlyse all aktivitet, seier Thorsen, og forklarar vidare korleis det har gått denne sesongen.

Går ut over rekrutteringa

Før jul vart det ikkje gjennomført renn i langrenn, men dei fekk arrangert renn i romjula, anten der dei var sett opp eller flytta til andre stadar med meir snø.

I alpint er det likelydande rapport.

– Det er ei utfordring når det blir slik som no. Både med tanke på å utvikle dei som allereie er i sporten, men også for å rekruttere nye utøvarar, seier Thorsen.

– Og så risikerer ein at dei som er i alderen der fråfallet er største utfordringa, får større sjanse til å gi seg, seier Thorsen.

Betre på anleggssida

Han har eit klart råd til dei som driv med langrenn.

– Ein må smørje seg med litt tolmod. Det kan bli nokre økter til med berrmarkstrening, men dette har ein nok fysisk sett godt av, seier Thorsen.

– Eg er sikker på at vi får skikkeleg vintervêr også her i fylket, men det er vrient å få gjort noko med vêret. Og så er det ei fattig trøyst at tilhøva ikkje er så mykje betre andre stadar i landet, seier skileiaren.

Men trass alle utfordringar med vêret har anlegga blitt flinkare til å gjere tilhøva best mogleg med den snøen ein får.

– Det har vore vist vilje til å investere i anlegg i fylket. Spesielt på alpintsida har ein fått mange anlegg som kan lage kunstsnø, det gjeld også nokre av langrennsanlegga – slik som til dømes på Langeland. Ein er også blitt gode på å preparere løypene så ein kan bruke dei med eit minimum av snø, samt at underlaget og dreneringa er blitt mykje betre, seier Thorsen.

Artikkeltags