Thingnes Bø overlegen på rivalens territorium

Johannes Thingnes Bø (t.h.) var suveren i franske Annecy.

Johannes Thingnes Bø (t.h.) var suveren i franske Annecy. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKISKYTING: Nok ein gong viste Johannes Thingnes Bø kvalitetar som gir grunn til å glede seg til OL.

DEL

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til endå ein siger for sesongen då han vann sprinten i franske Annecy, den uslåelege rivalen Martin Fourcade si heimebane.

– Fourcade er ikkje i nærleiken ein gong. Han er utklassa i sporet, sa NRKs kommentator Andreas Staburn Smith undervegs.

Og det var ikkje berre i sporet Thingnes Bø var god, også på standplass gjorde han jobben.

To prikkfrie seriar gjorde at han leia rennet på begge skytingar då han var ferdig.

I mål var han 21,1 sekund framfor Martin Fourcade.

– Det er meisterleg gjort. Endå eit hakk opp frå det han har levert tidlegare. Det er eit utruleg nivå han held, sa NRK sin ekspert, Ola Lunde om Johannes Thingnes Bø sin ståande serie.

Artikkeltags