Han blei norsk meister

Oslo  20160312.
Skiskytter-VM i Oslo 2016. Tarjei Bø under 4 x 7,5 km stafett menn i Holmenkollen skianlegg lørdag. 

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Oslo 20160312. Skiskytter-VM i Oslo 2016. Tarjei Bø under 4 x 7,5 km stafett menn i Holmenkollen skianlegg lørdag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Tarjei Bø var best på fellesstarten under NM

DEL

Tarjei Bø frå Markane avgjorde ein tett og tøff trioduell til sin fordel då han vart norsk meister på 15 km fellesstart under NM i skiskyting på Dombås laurdag.

Bø stod over laurdagens jaktstart og var i godt lune søndag. Dei to strafferundane han hadde kom på tredje skyting, og det heldt akkurat til siger. I likskap med Bø måtte også veteranen og sølvvinnar Alexander Os ut i to strafferundar, og i mål var han fattige 1,1 sekund bak. Os bomma éin gang både på første og tredje skyting.

Os blei opphavleg nekta deltaking i NM for ikkje å ha overheldt påmeldingsfristen, men slapp likevel til etter at arrangøren gjorde heilomvending dagen før første distanse.

Laurdagens jaktstart- og kongepokalvinnar Lars Helge Birkeland tok 3.-plassen, og han blei slått med berre 1,2 sekund. Han bomma også to gonger, og det på nøyaktig same vis som sølvvinnar Os.

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde vart nummer 8 på fellesstarten, medan Ole Martin Erdal vart nummer 31. Plassen bak Isak Flo Bødal frå Stårheim.

Johan Erik Meland vart nummer 36 og Jarle Midthjell Gjørven nummer 46.

På kvinnesida hevda Karoline Erdal seg godt blant seniorane.

18-åringen vart nummer åtte med tre strafferunder. Medan Heidi Flo Bødal vart nummer 21.

Artikkeltags