– Toler ikkje ein slik vinter til

GLEDE: Yngve Thorsen kan puste letta ut med tanke på at dei har makta å gjennomføre alle renn i årets snøfattige sesong.

GLEDE: Yngve Thorsen kan puste letta ut med tanke på at dei har makta å gjennomføre alle renn i årets snøfattige sesong. (Foto: )

SKI: – Éin snøfattig vinter, toler vi. Men to-tre på rad er dramatisk, seier Yngve Thorsen i skikrinsen.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Årets vintersesong har vore ei utfordring å få gjennomført i både langrenn og alpint, men med flytting av arrangement, så har kabalen gått opp.

– Men får vi ein slik snøfattig sesong til, så vil det kunne gå ut over rekruttering og ikkje minst utviklinga til dei eksisterande løparane. Til dømes ser vi at medan vi i fjor hadde innpå 250 på karusell renn i Førde, så er talet nede i 180 i år. Faktum er at så lenge det ikkje er snø i sentrum, så tenker ikkje folk på at det er skiføre på Langeland, seier Thorsen.

Han viser til at sesongane i 2014 og 2017 går over i historia som snøfattige, men at det sidan 2006 elles har gått greitt å avvikle terminfesta renn.

– Men vi ser at med milde vintrar så stiller det større og større krav til anleggseigarane med tanke på snøproduksjon, grøfting av traséar og eventuelt asfaltering for rulleski. Då kan ein legge snø langt tidlegare, seier Thorsen. Og han prisar seg lykkeleg for at folk har stilt opp ekstra mykje i nokre anlegg.

– I alpint er det Jølster skisenter, Hodlekve og Sogn Skisenter som har tatt støyten. I langrenn er det Ullsheim, Hodlekve og Langeland som har hatt det hardaste trykket. Så folka i desse anlegget fortener ekstra honnør denne sesongen, seier han.

Artikkeltags