Det såg lenge ut til å ryke, men no får resten gå renn

Kalsetrennet med drøymetilhøve i 2013.

Kalsetrennet med drøymetilhøve i 2013.

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Siste del av Kalsetrennet vert avvikla søndag.

DEL

Vinteren i år har vore sørgeleg for dei som finn stor glede i å legge bak seg mil etter mil i langrennsløyper som mest minner om trikkeskinner.

For lite snø, nedbør, og plussgrader er ei dårleg oppskrift då.

Det har ført til at dei fleste arrangørar av skirenn har slite med å få gjennomført dei terminfesta renna, unntaka er i Stryn og i Sogn, der fleire konkurransar har gått som planlagt.

Eit av renna som har blitt skadelidande er Kalsetrennet.

Det var i ferd med å bli utsett på ubestemt tid, men på kort varsel vart vêret passande og konkurranseklassen fekk gjennomført rennet. Rett nok måtte dei gå fire rundar i 5-kilometeren og sprinttraseen, men renn vart det.

No har også arrangørane funne ut at det let seg gjere å få gjennomført turklassen. Så denne søndagen (den 05.03) vert turklassen arrangert på Langeland.

Då vert det lagt opp til at deltakarane får gå både 11 km og 22 km.

Artikkeltags