Vilt, vått og vakkert

Belgiske Matis Luckix var både imponert og kald då han kom i mål på Værlandet.

Belgiske Matis Luckix var både imponert og kald då han kom i mål på Værlandet. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette har vore veldig moro, seier belgiske Matis Luckix (12).

DEL

Torsdag vart det andre løpet i orienteringskonkurransen Fjord-O Vest arrangert.

Denne gongen hadde arrangørane valt å legge løypa heilt ut i havgapet og Værlandet. Det vestlegaste punktet med fastbuande i landet.

Og interessa let seg ikkje vente på. Først då talet deltakarar var runda 744 var det stogg. Men det var nok til at arrangørane måtte sett opp tre ekstra skyssbåtar, som gjekk i skytteltrafikk, i tillegg til ferja.

– Vi er veldig nøgde no, sjølv om det vart litt vått har vi berre fått gode tilbakemeldingar, seier Helge Schei.

– Det var logistikken som var den største utfordringa. Korleis skal vi greie å få så mange ut her, utan at det går for lang tid. Men det ser ut til å ha ordna seg greitt, seier ei av eldsjelene bak løpet, Edvin Helle.

Dugnad

Han har saman med fleire andre, lagt ned eit lass av dugnadstimar for å få i stand konkurransen.

– Sjølv har eg vel brukt nokre hundre timar her ut. Men det er dei som har jobba meir. Berre høyr med Sveinung Fristad. Det har vore mykje arbeid. Vi har flytta nyoppsette gjerder, teke vekk gamle gjerder og oppdatert kart, seier Helle.

Og den store innsatsen vart lagt merkje til av dei som var frammøtte.

– Dette er fantastisk. Her har det gjort ein strålande innsats, seier Tore S. Rasmussen, frå Bergen, til Helle.

Han utdjupar det slik overfor Firda:

– Dei har lagt til rette for at ein får oppleve denne delen av landet. Det er jo eit fantastisk landskap. Eg er imponert over at dei tek sjansen på å gjere dette, seier han.

Tredobla folketalet

Til vanleg bur det om lag 200 på Værlandet, og 240 på Bulandet, men arrangørane reknar med at om lag 1000 tok turen ut for å få med seg løpet torsdag. Dermed har dei tredobla folketalet på øyene torsdag.

Og det var tydeleg at både små og store sette pris på løypene som var tillaga.

– Dette var veldig moro. Vi har sprunge ei løype som tok om lag 15 minutt, seier Elias Vik Ødelien (10), saman med Amund Rekve (10), Guro Vik Ødelien (8), Sina Rekve (6) og Torkel Rekve (8).

Første gong i Norge

Totalt var det 13 nasjonar som deltok i stemnet på Værlandet. Nest flest utøvarar, etter Norge, hadde Russland.

For Matis Luckix (12), frå Belgia, var turen til Værlandet første gangen han opplevd Norge.

– Det har vore utruleg moro. Sjølv om det vart vått og kaldt ute i løypa, har det vore ei fantastisk oppleving. Eg har aldri konkurrert på ein slik plass før, seier han.

150 liter fiskesuppe

Og for at løparane skulle få den mattilførselen som var naudsynt, hadde tre karar stilt mannssterkt opp på grendehuset.

– Vi har kokt 150 liter fiskesuppe i dag. Og det må vi sjølvsagt gjere skikkeleg, seier Jostein Husevåg, og tek tak rundt ein ny fløytekartong, som skal danne base på ei ny ladning med fiskesuppe.

Tradisjonelt sett har lapskaus/betasuppe vore maten ein serverer skogsfolket i orientering, men når løypa er lagt heilt ut i havgapet, med oljeplattformer som nærmaste nabo, då må ein servere det havet har å by på.

– Vi har brukt 90 liter palekraft. Denne kokte vi opp i går, seier Geir Landøy, medan han rører rundt i suppa. Og med om lag 750 deltakarar plus tilskodarar, krevst det noko tid å lage til maten.

– I dag har vi jobba sidan klokka ni. Og i går hadde i ei 12-timars økt for å koke kraft på 100 kilo palebein, seier Arnt Henning Blom.

Med tilskodarar og utøvarar, samt tilreisande arrangørar, har folketalet på Værlandet og Bulandet fleirdobla seg torsdag. Totalt reknar ein med at om lag 1000 personar tok turen ut til øygruppa heilt vest i landet.

– Eg trur aldri her har vore fleire på ein gong, seier Husevåg.

Artikkeltags