Vil ta rekorden på Bislett

Øyvind Strømmen Kjerpeset var hårfint bak den norske rekorden på 400 meter hekk i Florø. - Eg håpar å ta rekorden på Bislett, seier han.

Øyvind Strømmen Kjerpeset var hårfint bak den norske rekorden på 400 meter hekk i Florø. - Eg håpar å ta rekorden på Bislett, seier han. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Hårfint bak den norske rekorden.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

-Irriterande at det ikkje vart norsk rekord her på heimebane, smiler Øyvind Strømmen Kjerpeset etter 400 meter hekk i Florø Friidrettsfestival.

Han vann favorittøvinga si på 50,86, var dermed berre fattige to tidelar bak den gjeldande norske rekorden.

Kul på låret

- Eg missa på den niande og tiande hekkepasseringa. Då fann eg ikkje heilt rytmen, og rekorden rauk nok der, seier Kjerpeset som også fekk seg ein smell i låret ved ein av hekkeplasseringane.

- Men ikkje noko dramatikk i det. I følgje fysioterapeuten var det truleg ei blodåre som sprakk ved at eg slå låret i ein av hekkane. Men eg fekk lagt is kjapt på kulen, og eg håpar å vere klar for å sette rekord på Bislett Games på torsdag, seier florøværingen under stemnet på heimebane.

Difor stod han over 200 meteren i stemnet.

Artikkeltags