– Vil koste blod, sveitte og tårer

Artikkelen er over 5 år gammel

Men likevel har dei framleis tru på verdsrekord.

DEL

I dag kjem elevane på Sunnfjord Folkehøgskule til å runde 50 timar med volleyball, i strekk.

Men dei har framleis eit godt stykke igjen til den ståande verdsrekorden på 85 timar.

– Det er klart det er byrjar å gjere vondt, men det er veldig moro samstundes. Vi skal greie denne rekorden, seier Harald Johnsen.

Spelt seks timar utan pause

Han er ein av dei som verkeleg legg innsats i å greie rekorden. Fram til klokka 14.00 i dag spelte han seks timar volleyball, utan stogg. Medan dei andre "berre" spelar fire timar i slengen.

– Det har gått overraskande fint så langt, sjølv om det er litt vanskeleg å få sove. Det verste er når ein vaknar etter å ha sove eit par timar. Då har ein ikkje veldig lyst til å byrje å spele volleyball igjen, men så stig energien og ting går litt lettare, seier sørlendingen.

Penicillinkur

Så langt har rekordforsøket gått etter planen, sjølv om det har vorte tøft for enkelte av deltakarane.

Ei av dei som har fått merke det på kroppen er Tonje Olsen Haga.

– Eg fekk tilsyn av ein lege som vart henta opp i går. Ho har skrive ut ein penicillinkur, samt smertestillande, til meg, etter at det synte seg at eg har fått halsbetennelse. Det var ganske tungt å komme seg på bana igjen etter det, og eg merkar godt at eg ikkje er frisk, så eg spelar litt redusert. Men vi skal greie å ta rekorden, no når vi er komne så langt skal vi ikkje gi oss, seier Olsen Haga, medan ho set seg ned for å innta mat før ho må prøve å få seg nokre timar på auge.

Det er nemleg ikkje slik at spelarane kan gjere som dei vil i tida dei ikkje spelar. Då må dei halde seg på eit avgrensa område kring hallen. Der har dei tilgang til mat, dusj og ein stad å sove.

– Vi hadde ikkje greitt dette om det ikkje hadde vore for dei andre elevane på skulen. Dei som ikkje spelar, seier Haga.

– Dei stiller opp og gjer ein fantastisk innsats for oss. Dei ordnar mat og sørger for at vi har det vi treng. Saman med lærarane, som går her på dugnad, seier Johnsen.

100 timar

Då Firda var til stades i hallen viste rekorduret 44 timar. Dermed har dei framleis 41 timar opp til den gjeldande rekorden. Då hadde dei spelt om lag 200 sett med volleyball.

– Det blir ei tøff natt i natt. Men kjem vi oss igjennom perioden frå klokka 02 til 06 så skal vi greie rekorden. Då ser spelarane lyset i enden av tunnelen. Men det er mange som byrjar å merke det i føtene. Spesielt i solen. Det tek på å spele volleyball så lenge, seier lærar ved folkehøgskulen, Lars Håberg.

Han er samstundes krystallklar på kva målsettinga er.

– Målet er 100 timar i strekk. Då er vi ferdige om lag klokka 22 fredag. Det skal vi klare, seier han.

Parallelt med spelinga forsøker folkehøgskulen å samle inn pengar til eit hjelpeprosjekt. Dette gjer dei både med sponsing, sal av billettar og ein kafé der folk kan forsyne seg sjølv.

– Pengane vi får inn skal gå til ein søsterskule vi har starta på Sri Lanka. Vi har eit mål om å samle inn 10.000, og vi byrjer å nærme oss, seier lærar ved skulen, Erlend Solvang.

Artikkeltags