Gå til sidens hovedinnhold

Vil ha fleire kvinnelege trenarar

Artikkelen er over 16 år gammel

Førstkomande helg arrangerer fotballkrinsen det første trenarkurset med berre kvinnelege deltakarar. -Men vi vil gjerne ha med fleire, seier Kjetil Sønnesyn.

Sønnesyn er ansvarleg for fotballkrinsen si utdanning, og fortel at det første kvinnelege trenarkurset med berre kvinnelege deltakarar vert arrangert i Førde førstkomande helg.

Vegrar seg

-Vi har i lengre tid hatt problem med å rekruttere kvinnelege trenarar til jentefotballen. Og vi trur at så lenge dette tradisjonelt har vore mannfolka sin arena, så har mange kvinner vegra seg for å gå på vanlege trenarkurs. Difor dette initiativet, seier Sønnesyn.

Førde er difor arena for det første kvinnelege trenarkurset komande helg, og Sønnesyn understrekar at det framleis er ledige plassar.

-Dette vert eit kurs kombinert med teori og praksis, og startar heilt frå botnen av. Vi vil gjerne knytte til oss mødrer, aktive spelarar, ungdomsspelarar og tidlegare spelarar. Det handlar om å få kvinnene inn i viktige jobbar i fotballen, seier Sønnesyn.

Mannleg instruktør

Sønnesyn viser til at første reine kvinnelege trenarkurset har ein mannleg instruktør.

-Vi håpar etter kvart at også kvinnene skal ta dette ansvaret. Men denne gongen er det Knut Almås som har fått ansvaret, og som mangeårig trenar for jente- og damefotballen i fylket, så har han den rette kompetansen, avsluttar Sønnesyn.