Førde Idrettslag har endra fokus frå å legge kunstgras på grasbana, til å bygge ut den eksisterande kunstgrasbana ved Førdehuset.

– Midlane i økonomiplanen til Førde kommune til kunstgras i 2014 er startgass med tanke på å få gjort noko allereie neste år, seier prosjektleiar Per Øyvind Storevik i Førde Idrettslag.

Idrettslaget har utarbeidd ei skisse over ei utbygging som han understrekar er eit råutkast som verken er bearbeidd eller diskutert med kommunen.

– Vi har berre prøvd å visualisere korleis Førde stadion kan sjå ut i framtida, seier Storevik.

Snudde

Han fortel at den første planen om å legge kunstgras på den eksisterande grasbana er lagt død.

– Vi har hatt diskusjonar internt, og det er klart at dersom vi legg kunstgras på stadion, så vil friidretten miste A-statusen sin på anlegget. Det gjeld å tenke vidare enn berre fotball. Vi må tenke på all aktivitet i Førde og korleis vi kan lage ein vinn-vinn-situasjonen. Då vi såg at det var nokre gode argument for ikkje å legge kunstgras på stadion, gjekk vi vidare, seier Storevik.

No ser idrettslaget på ei oppgradering av kunstgrasanlegget og ei utbygging med tribuneanlegg som kan takast i fleire byggetrinn. Men før dei kan legge kunstgraset må dei ta med seg sjølve tribunefasilitetane mellom hovudstadion og kunstgrasbana. Legg dei kunstgraset først, vil det ikkje ha plass til å jobbe med tribuneanlegget, fortel prosjektleiaren.

Finansiering

– Tribunen mot Angedalsvegen og garasjeanlegget kan byggjast i seinare byggesteg, seier Storevik som likevel ikkje legg skjul på at det vil vere ein fordel å ta alt på ein gong, men dette har med pengar å gjere.

Prislappen er ikkje rekna på, men grove anslag på full utbygging lyder på 40 millionar kroner. Idrettslaget jobbar no med å skaffe finansiering.

På hovudtribuna mellom bana og kortsida mot Angedalsvegen er det snakk om 1500 sitjeplassar. Dagens kunstgrasbana måler 100 gonge 64 meter. For å nå dei måla som forbundet krev for spel i Adeccoligaen, må den utvidast med fire meter i breidda og fem meter i lengda.