Dei siste tjue åra er det berre Stian Grimseth som har tatt over 200 kilo i støt her til lands. Laurdag kan Vebjørn Varlid (21) bli den sjette som passerer den magiske grensa gjennom alle tider i Norge.

Går for 200 kilo

– Det viser at 200 kilo er ei spesiell grense. Eg kan ikkje tenkje så mykje på det, seier Vebjørn Varlid. Sist ein norsk løftar hadde 200 kilo over hovudet i støt var Stian Grimseth i 2004. Før det må vi heilt tilbake til Stig Øvrebø i 1992.

Dei siste treningsøktene viser at Førdeguten for tida sterkare enn nokon gang. Det gir håp om at den personlege rekorden på 195 kilo i støt kan ryke under Norgesmeisterskapen på heimebane i helga.

– Eg trur eg kan setje pers i rykk og ta 200 kilo i støt, seier han, og tenkjer nokre dagar fram i tid.

– Først og fremst er det gull som gjeld. Deretter må eg sjå korleis eg ligg an i høve kongepokalen, ettersom eg får løfte på resultata til dei andre utøvarane. Viss det er 199 kg som må til for å sikre meg kongepokalen, så prøvar eg meg på det. Men om den er utanfor rekkjevidd, så er 200 kilo heilt klart eit viktig mål, seier Varlid.

Framtidsambisjonar

Og sjølv om senior-NM på laurdag er det første store målet – har Varlid ambisjonar som strekkjer seg langt fram i tid.

– Den beste alderen for løftarar er frå 26 til 30 år. Stian Grimseth har sine personlege rekordar frå då han var 27 år. Eg må bruke tid på å byggje meg opp, og difor rasar eg heller ikkje opp i vekt, seier Varlid, som mest truleg vil vege 142 kilo under innveging laurdag.

12 frå Naustdal til NM

Førstkommande helg vert første gang sidan 2006 at Tambarskjelvar IL arrangerer senior-NM i vektløfting heime i Naustdalshallen.

I alt tolv utøvarar frå Norges mestvinnande vektløftarklubb deltek, og i tillegg til Vebjørn Varlid deltek dei følgjande:

* Veteran: Arne Larsen og Ove Varlid (far til Vebjørn).

* Kvinner: Sunniva Bruland, Marit Årdalsbakke, Trude Raad og Ingrid Teeuwen Ledoux.

* Herrar: Jantsen Øverås, Steinar Kvame, Tore Gjøringbø, Sindre Rørstadbotnen og Daniel Holstad.

  • Denne artikkelene er eit redigert utdrag av ein større reportasje i torsdagens papirutgåve av Firda. Den finst også i digitalt format HER.