Vidare i NM-cupen

Signe Taubøll og Førde sitt damelag møter Oslo Volley i sin cupfinale i Domus Athletica laurdag.

Signe Taubøll og Førde sitt damelag møter Oslo Volley i sin cupfinale i Domus Athletica laurdag. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Både damene og herrane til Førde gjekk vidare semifinale i NM-cupen laurdag.

DEL

I Naustdalshallen vann Førde 3–1 over Koll 2 i kvartfinalen i NM-cupen laurdag ettermiddag.

Blir bra

– I dag spelar vi godt. Tre sett var veldig bra, medan eit var svakt. Dette var stigning i høve dei førre kampane våre, seier trenar for Førde-damene Mathias Haug.

– No gler vi oss til semifinalen, seier han.

Mot finalen

I Kristiansund hadde Førde sitt herrelag trå start og tapte det første settet, men kom sterkt attende og vann til slutt 3–1.

Geir Eithun og Mathias Loftesnes dominerte kampen for sunnfjordingane med høvesvis 22 og 20 poeng.

Artikkeltags