– Vi burde ha vunne

Trenar Jan Magne Langedal var ikkje nøgd med dommaren etter at Vegard Savland (biletet) vart tatt i feltet.

Trenar Jan Magne Langedal var ikkje nøgd med dommaren etter at Vegard Savland (biletet) vart tatt i feltet. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Dei siste to sesongane har vore som ein draum for Tambarskjelvar, som har rykka opp frå sjette til fjerde divisjon. Søndag var naboane neste hinder.

Det er ein historisk sesong for fotballgutane i Naustdal. Tambarskjelvar har dei siste to åra teke stega frå 6. divisjon og opp i 4. divisjon. Med dei på reisa har vore trenar, Jan Magne Langedal.

På søndag var dei klar til kamp mot naboane i Førde 2.

Tambarskjelvar spelte ein god førsteomgang og fekk etter 35 minutt scoring av spiss, Vegard Savland. Andrè Sølvberg fyrer av eit skot som går via ein Førde 2-spelar og i beina på Vegard Savland som styrer ballen i mål.

Omgangen var prega av sjansar frå begge lag, men gutane på Tambarskjelvar leia fortent.

Andre omgang blir ikkje like god for Tambarskjelvar. Førde 2 opna best og fekk betalt etter 68 minuttar, då Erlend Moen Taule headar inn ein corner i mål.

Begge lag får gode sjansar til å ta over leiinga den siste halvtimen, men det er Førde 2 som tek best vare på sjansane sine.

På overtid set Kristian Walaker i mål og sikrar sigeren for Førde-laget.

– Irritert

Tambarskjelvar-trenar Jan Magne Langeland var ikkje nøgd med dømminga i kampen og går rett til dommar Asbjørn Kjetil Grinde Håre for å sei si meining.

– Ein blir litt irritert i kampens hete, fortel Langedal etter kampslutt.

Han reagerte på at spiss, Vegard Savland, fleire gonger vart felt utan å få noko for det.

– Nokre dommarar ser det ikkje, og nokre vil ikkje sjå det. Men eg håpar og trur at det blir jamna ut i løpet av sesongen, seier han.

Han meiner at det er andre omgangen som øydelegg for laget hans.

– Vi gjer ein del feil, spesielt i andre. Vi hadde god kontroll i første omgang og burde ha avgjort det då. I andre omgang mista vi initiativet, seier han.

Opptur

Sesongen hittil har vore ein opptur for gutane i Tambarskjelvar, som sist kamp slo Fjøra heile 5–1.

– Eg tykkjer vi har overraska positivt. Førre kamp var ein kjempekamp, og totalt sett er eg nøgd, sjølv om eg tykkjer vi burde ha vunne i dag.

– Hadde du blitt nøgd med uavgjort i dag?

– Nei, det hadde eg ikkje. Men det er betre enn tap.

Neste helg er det Vik på bortebane som står for tur.

– Vi slit litt med skade. Nokre har lyskestrekk og andre har tråkka over. Vi håpar at nokre av dei kan vere med til Vik, men kan ikkje rekne med alle. Men vi går for å vinne.

Med fire kampar spelte ligg Tambarskjelvar no på 7. plass på tabellen. Førde 2 fekk med seg tre poeng og beheld 3.-plassen.

Målscorar på Tambarskjelvar, Vegard Savland, ligg no som nummer to på toppscorarlista for 4. divisjon.

Artikkeltags