Tre kvinner frå fylket sette rekord i vektløfting

PREMIERT: Vinnarane i klassen Jenter ungdom. Julia Jordanger Loen tok bestemannspremien. Til høgre Carmen Grimseth.

PREMIERT: Vinnarane i klassen Jenter ungdom. Julia Jordanger Loen tok bestemannspremien. Til høgre Carmen Grimseth. Foto:

VEKTLØFTING: Vestlandsmeisterskapen i vektløfting resulterte i sju norske rekordar.

DEL

– Hovudtrekket ved årets Vestlandsmeisterskap er stor og aukande kvinnedeltaking, og mange norske rekordar av det «svake» kjønn, seier regionleiar Ola Bergheim i ei pressemelding.

Sju løftarar sette norske rekordar på stemnet. Seks av desse var kvinner, og tre av dei frå Sogn og Fjordane. Tambarskjelvar i Naustdal var arrangør.

Tre rekordar

Carmen Grimseth frå Tambarskjelvar løfta 70 kg i støyt og 125 kg samanlagt i klassa kvinner ungdom +81 kg.

Kristina Støfring frå Jølster løfta 60 kg i rykk og 130 kg samanlagt, klasse Kvinner junior 81 kg.

Lone Kalland frå Tambarskjelvar løfta 82 kg i rykk og 109 kg i støyt, samanlagt 191 kg. Klasse var Kvinner senior 87 kg.

I tillegg tangerte Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda sin eigen norske rekord i klassa ungdom 59 kg. Ho fekk dessutan bestemannspremien i si klasse. Den går ut ifrå ein poengtabell basert på løfta kilo i høve til eige kroppsvekt.

Sjå video:

Bergheim har levert denne videoen. Her får vi sjå løfta til høvesvis Carmen Grimseth, Kristina Støfring og Lone Kalland.

Video frå Vestlandsmeisterskapen i Naustdal

– Lovar godt for 2019

– Marit Årdalsbakke frå Tambarskjelvar har klart kravet til EM senior seinare i vår. Ho er inne i ein hard treningsperiode mot EM, det vart likevel fin 89 kg i rykk og 102 kg i støyt på ho, seier Bergheim i pressemeldinga.

I klassa kvinner senior var det Sarah Hovden Øvsthus frå Bjørgvin som hadde beste resultat.

– Årets første store stemne lovar dermed godt for vektløftaråret 2019, seier Bergheim i pressemeldinga.

Artikkeltags