Rørstadbotnen vann nok eit senior-gull

SØSTER OG BROR: Mariel og Sindre Rørstadbotnen i Naustdal denne laurdagen. Mariel tok gull under Kretsmeisterskapen, som også var i heimbygda denne helga.

SØSTER OG BROR: Mariel og Sindre Rørstadbotnen i Naustdal denne laurdagen. Mariel tok gull under Kretsmeisterskapen, som også var i heimbygda denne helga.

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: Sindre Rørstadbotnen (23) har vunne gull i Norgescupen for seniorar.

DEL

– Det er veldig kjekt! Eg har ikkje vunne Norgescupen i seniorklassen før. Det er deilig å kjenne at ein utviklar seg til nye høgder, seier vektløftaren, som tidlegare har vunne senior-gull i NM.

Norgescupen har gått føre seg i fire rundar, og den siste runden gjekk unna på heimebane i Naustdal denne helga. Rørstadbotnen fekk opp 140 kg i rykk og 175 i støyt, og med det sikra han seg sigeren i cupen.

Neste stopp er lag-NM

– Det var eit bra rykk, men ikkje like bra støyt. På fredagen hadde eg trening og dugnad og litt forskjellig, så det var ikkje ei optimal opplading til helga. Så eg er glad for at det gjekk som det gjekk, seier han.

Han seier at neste stemne blir finalen i lag-NM på Vigrestad den 19. og 20. november.

– Eg håpar å kunne sette nokre gode vekter på det stemnet også. Men 2016 har så langt vore eit veldig bra år for meg, med EM på heimebane, gull på nordisk og no også i Norgescupen, oppsummerer Rørstadbotnen.

Har trua på den nye vektklassen

Det er om lag eit år sidan Rørstadbotnen gjekk opp ein vektklasse, til -105 kg. Han meiner å ha funne seg til rette i denne vektklassen.

– Eg trur eg er kommen for å bli, dersom ting utviklar seg slik som no. Eg er ikkje så sugen på å gå ned ei vektklasse. Det er kjekkare å gå opp enn ned, seier han og ler.

Artikkeltags