Breimsbygda og Tambarskjelvar tok ein tredjedel av NM-medaljane

VANN: Marit Årdalsbakke tok sølv i seniorklassa under NM. Her forsøker ho seg på støt under EM i Førde 2016.

VANN: Marit Årdalsbakke tok sølv i seniorklassa under NM. Her forsøker ho seg på støt under EM i Førde 2016. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SPORT: Vektløftarane frå Sogn og Fjordane markerte seg godt under årets NM.

DEL

Helgas noregsmeisterskap i vektløfting 5-kamp i Larvik blei ein maktdemonstrasjon for dei to klubbane frå Sogn og Fjordane som deltok. Breimsbygda og Tambarskjelvar plukka med seg 3 gull, 4 sølv, og 4 bronse heim til trivselsfylket. Det er over ein tredjedel av medaljane.

Ein av dei som plukka med seg medalje er svelgaren Bent André Midtbø, som tok bronsemedaljen i G17-18, skriv Firdaposten.

I framgang

Vektløfting er i framgang. Under helgas NM var det påmeldt 50 prosent fleire enn i fjor, skriv Sogn og Fjordane Vektløftarkrins på Facebook. 5-kamp vektløfting er samansett av vektløftarøvingane rykk og støyt. Og i tillegg eit løp, eit hopp og eit kast. Det blir konkurrert i 4 aldersklasser for begge kjønn.

Breimsbygda og Tambarskjelvar hevda seg spesielt godt i dei yngste aldersklassane. Tambarskjelvar tok like godt 3-dobbelt i klasse 13–14 år ved Henrik Reiakvam, Joachim Offman og Kristen Røyseth. Og bronse ved Carmen Grimseth i same aldersklasse.

Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda vann J15-16 år. I G17-18 vart det både gull og bronse til BBIL ved Robert Andre Moldestad og altså Bent Andre Midtbø som representerer Breimsbygda i mangel på styrkeløftmiljø i Svelgen.

NM på Sandane til neste år

I seniorklassene vart det medaljar til Tambar-løftarane Marit Årdalsbakke og Jantsen Øverås. Årdalsbakke fekk sølvet, medan Øverås fekk ein bronsemedalje.

Marit Årdalsbakke prøvde også på VM-kravet. Og var så nær som mogleg. Men vart ståande med begynnarløfta 87 kg i rykk og 102 kg i støyt.

Løftedelen av 5-kampen tel også som eitt av stemna i Norgescupen i vektløfting. Marit Årdalsbakke sitt løfteresultat heldt til 3.-plass i den samanheng.

Robert Andre Moldestad sitt løfteresultat gav mest poeng i juniorklassa. Julia sitt løfteresultat var det beste i ungdomsklassa og 3. beste i juniorklassa. Begge desse to vart før NM uttekne til Nordisk ungdom og junior i Danmark neste månad. Og viste med løftinga i helga lovande formstiging.

Det vart sett ei rekke personlege rekordar av alle fylket sine 14 løftar under NM. Det er difor grunn til å sjå fram til NM 5-kamp 2019 som blir arrangert av Breimsbygda i Trivselshallen på Sandane.

Artikkeltags