Førde har to av dei sterkaste damene i verda

SPORT: Kettlebell-damene til Førde hevda seg godt i Danmark.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

– Det var ein stressande dag. Det er den tøffaste dagen vi har hatt sdain VM i California, seier trenar for dagen, Beate Kårstad Støfring til Firda.

Og resultata dei leverte var det lite å seie på.

Trine Ryland tok gull som junior med to kuler på 16 kg, ho tok 67 repetisjonar.

Linnea Kårstad tok sølv i juniorklassen med same kulene som Ryland. Ho greidde 57 repetisjonar. 

I den profesjonelle klassen tok Mona Brede Aase gull. Med 24 kilos kuler tok ho 50 repetisjonar. Det gjer ho til den tredje beste kvinna i verda.

Rett bak Beate Kårstad Støfring på lista.

Dermed har Førde to av dei sterkaste kvinnene i verda.

– Det er stort at vi har dei to einaste kvinnene i Norge som løftar med desse kulene. No skal alle ut og ete, så blir det sikkert litt sprudlande i glaset til å feire med, seier Støfring.

Artikkeltags