Marit (27) sette to rekordar i EM: – Dette er stort!

STERK DAME: Marit Årdalsbakke frå Jølster.

STERK DAME: Marit Årdalsbakke frå Jølster. Foto:

Jølstringen sette ny norsk rekord, og ny norsk samanlagtrekord under meisterskapen i Georgia.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Marit Årdalsbakke greidde 92 kilo rykk i 64-kilosklassen. Med det slo ho den norske rekorden med fire kilo. Ho sette også ny, norsk rekord samanlagt.

– Dette er stort! Norske rekordar i EM er veldig bra. Det er supert at Marit klarte alle rykka sine. Her er det gode moglegheiter i åra framover, seier Stian Grimseth, president i Norges vektløftarforbund.

Årdalsbakke løftar for Tambarskjelvar IL. Før ho reiste sa ho til Firda at målet er å løfte 197 kilo samanlagt i rykk og støyt. Då klarar ho VM-kravet.

– Persane mine i lag er over kravet, men eg må gjere det bra i både rykk og støyt på same dag. Så målet er rett og slett å slå meg sjølv og løfte betre enn nokon gong

12. april flyttar jølstringen til Dubai for å jobbe på ein lokal kvinnegym.

Artikkeltags