Vann sølv på Island

Robert Andre Moldestad (t.v.)

Robert Andre Moldestad (t.v.)

Artikkelen er over 2 år gammel

Robert Andre Moldestad fekk draumedebuten på si internasjonale karriere.

DEL

Med eit rykk på 81 kg og eit støt på 103 kg sikra glopparen Robert Andre Moldestad seg sølvet i sin internasjonale debut på Island.

Der var han med i ungdomsklassen i nordisk meisterskap.

– Det er veldig imponerande å sjå Robert Andre gjer det så bra i sitt første stemne, krinsleiar Ola Bergheim.

Han er også leiar i klubben som Moldestad løftar for, Breimsbygda.

– Eg eg glad på vegne av både klubben og krinsen. Det er godt å sjå at når Tambarskjelvar har eit lite tomrom i kulla, så kan resten av fylket vere med, seier Bergheim.

Og Moldestad er ikkje einaste gloppar som er med. Søndag skal Hans Sande i aksjon på Island.

Artikkeltags