No har rekord-EM starta

Sjå klipp frå opninga av vektløftar-EM.

Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette er alleiere ein rekord-meisterskap, fastslo vektløftarpresident Tamas Ajan under opningsseremonien.

DEL

Søndag blei EM i vektløfting sparka i gang i Førdehuset. Eli Kari Gjengedal leia opningsseremonien som starta til felespel frå folkemusikaren Erlend Apneseth.

Søndag ettermiddag vart EM i vektløfting offisielt opna i Førdehuset, og den internasjonale vektløftarpresidenten Tamas Ajan fastslo i sin tale overfor innpå 800 tilskodarar at dette allereie er ein rekord-meisterskap.

– Aldri før har så mange som 344 aktive løftarar frå totalt 40 land delteke i eit EM. Dessutan har det aldri vore meir enn 300 frivillige i ein slik meisterskap eller, sa Ajan, som var imponert over korleis Stian Grimseth og alle hans hjelparar hadde fått dette i stand.

– Stian Grimseth har vore ein god venn i mange år, og han sluttar aldri å imponere. Og etter denne opningsseremonien ser eg at det er hald i hans påstand om at dette skal bli ein topp meisterskap, sa Ajan som dei siste dagane har vore ringside på aktiviteten i Førdehuset.

– Eg var også på Ungdoms-OL for nokre veker sidan, og eg sluttar aldri å la meg imponere over kva det norske folk får til når det gjeld idrett. Dei er kort og godt verdas mest suksessfylte sportsland, sa Ajan og fekk  applaus frå dei

Stian Grimseth, som leiar av arrangementskomiteen, kunne rørt opne EM i vektløfting i Førdehuset søndag ettermiddag.

Stian Grimseth, som leiar av arrangementskomiteen, kunne rørt opne EM i vektløfting i Førdehuset søndag ettermiddag. Foto:

innpå 800 tilskodarane som hadde benka seg på tribunen under opningsseremonien.

Sitt beste

Både Ajan og den nyvalde europeiske vektløftarpresidenten, Antonio Ursov, understreka verdien av all frivilligheiten under meisterskapen.

– Dette er stort for oss vektløftarar å oppleve. No er dette EM ein realitet, og ut frå det vi har opplevd her i Førde er det ingen tvil om at du, Stian Grimseth, allereie har gjort meir enn ditt beste. Og det fortel ikkje så lite, sa Ursov og gratulerte Stian Grimseth med dagen.

«Draumanes teater»

Og leiaren i arrangementskomiteen sjølv, Stian Grimseth, takka for flotte helsingar.

Innpå 800 tilskodarar var til stades på tribunene under opningsseremonien i Førdehuset søndag ettermiddag.

Innpå 800 tilskodarar var til stades på tribunene under opningsseremonien i Førdehuset søndag ettermiddag. Foto:

– Vi hadde ein draum om å bygge «Draumanes Teater» her i Førdehuset, og føler sjølv at vi har skapt ei ramme som mange av dei aktive vil sette pris på. Med ei intim og god atmosfære, med plass til 1000 tilskodarar, håpar vi at dei løftarane som kjem hit for å konkurrere om både heider og ære, skal få opplevingar dei aldri vil gløyme. Eg håpar på edel kappestrid og gode stunder, både for atletar og ikkje minst alle dei frivillige som stiller opp. For dette er ein meisterskap for Førde, Sunnfjord, Sogn og Fjordane og heile Norge, sa ein audmjuk Stian Grimseth til forsamlinga.

50 millionar

Noko også fylkesordførar Jenny Følling understreka.

– Dette er den største internasjonale meisterskapen vi har hatt i fylket. Her skal dei sterkaste i Europa kjempe om sigeren, og mange skal prøve å kvalifisere seg til OL i Rio de Janeiro. EM set Sogn og Fjordane på kartet, og 50 millionar TV-sjåarar frå heile Europa kan i løpet av kommande veke følge med på kva som skjer i Førdehuset.  Eg håpar alle tilreisande vil nyte opphaldet, og alle skal også vere velkomne tilbake, sa Følling i sin helsingstale under opningsseremonien.

Sjå video frå opningsseremonien.

André Klingenberg og Bente Senneset Skilbrei.

André Klingenberg og Bente Senneset Skilbrei. Foto:

Blant publikum var André Klingenberg og Bente Sennset Skilbrei.

– Det var bra innslag. Eg er interessert i kraftidrettar generelt, så det blir spennande å sjå løftarane. Kombinasjonen av teknikk, styrke og psyke gjer det kjekt å følge med på kven som vinn, seier Klingenberg.

– Og så er det kjekt at alle heiar på alle her. Det er ikkje sånn som med fotball, der du ikkje heiar på motstandaren, legg Skilbrei inn før dei går inn att i salen for å sjå dei første løftarane.

Nær 800 fekk med seg opninga.

Nær 800 fekk med seg opninga. Foto:

Opningsseremonien.

Opningsseremonien. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken