Vedvik og Hafsås best i vest

Marius Vedvik var i ein eigen klasse på 10 km, og sette ny rekord.

Marius Vedvik var i ein eigen klasse på 10 km, og sette ny rekord. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Det var ingen tvil om kven som var favorittar før Rett Vest.

DEL

Og begge dei to storfavorittane leverte varene på den 32. utgåva av Rett Vest.

På maraton var ringreven Helge Hafsås, frå Olden, suveren. Han sprang inn til tida 2.42,40 og tok med det sin 14. siger i det tradisjonsrike løpet.

Ny rekord

På 10 kilometeren var det ein førdinanar som var best.

Han hadde gått tøft ut før dagens konkurranse, og lova ny løyperekord på øvinga.

Ein løyperekord som var like over 31 minutt. For Vedviks eigen del har han gått til topps dei tre føregåande åra, med ei bestetid på 32.02.

Under dagens 10 kilometer sprang han inn til 30.43, og ny rekord.

- Eg er veldig nøgd med dagens løp. Sjølv om eg opna litt tøft, klaret eg å halde det inn, seier Vedvik.

- Tradisjon

Førre helg vart 21-åringen norgesmeister i terrengløp for lag, og tok bronse på den individuelle øvinga.

- Det har gått veldig bra så langt. Eg har heva mykje sidan i fjor, så det ser ut til å bli ein bra sesong, seier Vedvik.

- Trur du at du kan sette ny rekord i Rett Vest neste år?

- Det blir tøft, men det skal eg absolutt prøve på, seier Vedvik.

For sjølv om den talentfulle friidrettsutøvaren har byrja å hevde seg i meisterskap, både nasjonalt og internasjonalt, trur han det blir flerie sigra i Florø.

- Det var her alt byrja. Eg var med ein kamerat i 2010, og konkurransen gav meirsmak. Så dette har blitt ein tradisjon, uansett kor langt eg måtte nå, skal eg forsøke å stille opp her, seier Vedvik og smiler.

Artikkeltags