Utpeika som framtidas toppdommarar

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Fotballkrinsen har byrja arbeidet med å få fram arvtakarane til Tommy Skjerven og Steinar Holvik. Fem lovande dommartalent er no plukka ut i ei eiga talentgruppe.

DEL

-Vi har i første omgang intensjonar om å få dei på høgt nivå i krinsen. Deretter ønskjer vi å få dei vidare til 2. divisjon, 1. divisjon og Tippeliga, seier Robert Endestad i dommarkomiteen.

Her er dei fem som er plukka ut i talentgruppa:

*Sven Erik Midthjell, Eid

*Jonny Skjerven, Kaupanger

*Stian Holm, Svelgen

*Stian Aaland, Haugen

*Joakim Knapstad, Eikefjord

Talentgruppa skal etter planane gjennom eigne samlingar både lokalt, i Danmark, på Austlandet og i Bergen.

Topp oppfølging

-Vi ønskjer å satse ekstra på desse dommarane. Vi har trekt inn Steinar Holvik og Tommy Skjerven, og dei har takka ja til å vere med gjennom litt kursing og anna oppfølging, seier Endestad.

Elles vil Torstein Kvam, Terje Blomseth og Robert Endestad sjølv vere sentrale i arbeidet rundt dommartalenta.

-Eg har tru på dette opplegget, seier han.

Dommarane får mellom anna brynt seg på treningskampar i Årdal i månadsskiftet januar/februar, før dei siste veka før påske skal dømme kampar på 5. til 2. divisjonsnivå i Danmark.

Deretter vil dei verte følgt tett opp av observatørane i heimfylket. Og dei får truleg sjansen til å delta i utvekslingskampar på Møre, i Bergen og på Austlandet.

Ute etter typane

-På samlingane skal vi meir i djupna på kampane, gjerne med to eller tre observatørar. Gjennomgangen av kampane kan liggje på eit par timar, i motsetnad til det vanlege kvarteret.

-Kva kriterier ligg til grunn for at nett desse fem er uttekne?

-Det er primært typane vi er ute etter, i tillegg til at dei skal ha prestert noko. Og dei skal vere treningsvillige, ha lite forfall og lyst til å vere med.

Dei fleste av talenta er 19-22 år. Jonny Skjerven trekkjer snittalderen opp med sine 32 år.

-Han er teken med fordi han er eit talent. Han byrja seint å dømme, og har vist stor framgang. Og han har framleis mange gode år igjen som dommar, seier Robert Endestad.

PS: Fotballkrinsen satsar i 2005 sterkt på dommarane, etter at tala dei siste åra har stupt. Sven Erik Midthjell fekk allereie i førre veke tillit som assistentdommar i 1. divisjon.

«Det er primært typane vi er ute etter»

Robert Endestad, medlem av dommarkomiteen

Artikkeltags