– Unik snuoperasjon

JUBLAR: Oppleggar Kasia Ciesielska kan sleppe jubelen laus etter at Førde vann opningskampen mot Koll i Naustdalshallen søndag ettermiddag. ? Fantastisk flott opphenting av dei unge spelarane, seier trenar Jan Egil Tvinde etter oppgjeret. Begge foto: Stig Roger Eide

JUBLAR: Oppleggar Kasia Ciesielska kan sleppe jubelen laus etter at Førde vann opningskampen mot Koll i Naustdalshallen søndag ettermiddag. ? Fantastisk flott opphenting av dei unge spelarane, seier trenar Jan Egil Tvinde etter oppgjeret. Begge foto: Stig Roger Eide

Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette var ein unik snuoperasjon, smiler trenar Jan Egil Tvinde etter 3–1-siger i eliteserie-opninga for Førde VBK sitt damelag.

DEL

For det som såg ut til å bli ein komfortabel siger etter dominans i det første settet, vart akkurat det motsette. For motstandar Koll kom sterkt i det andre settet, og festa grepet fullstendig på kampen.

– Vi tok truleg for lett på oppgåva etter eit solid førstesett. Og det var ikkje kjekt å sjå at initiativet vart overlate til Koll som fekk komme til med svært gode servar i heile det andre settet. Faktisk heilt til midt i det tredje, seier Tvinde.

Snudde alt

For osloklubben leia komfortabelt både 10–5 og 15–10 i det tredje settet, då Førde snudde oppgjeret fullstendig.

– Då var det endeleg vi som lukkast med servane, og vi gjekk frå 10–15 til 17–15. Det var mentalt sterkt av oss. Då viste vi styrke, seier Tvinde og kunne sjå at det unge Førde-laget feide over osloklubben etter dette.

– Dette var kort og godt fantastisk serieopning for vår del. Hugs at eg har eit svært ungt lag, med ein spelar fødd i 1999 (Karoline Fauske) og heile tre som er fødde i 1997. Og for ein debut Karoline Fauske hadde i eliteserien. Ho plukka heile 11 poeng, og det er sterkt av ein så ung spelar, seier Tvinde om kantspelaren. Men viss Tvinde var nøgd med Karoline Fauske sin debut, så hang superlativa endå tettare etter Martine Viken og Kasia Ciesielska sin innsats.

Norges beste

– I Kasia har vi truleg norges beste oppleggar, og det ho gjer i dag er berre heilt fantastisk. Og når Martine Viken set ny personleg rekord med heile 25 poeng i dette oppgjeret, så er det berre å sette opp det store smilet, ler Tvinde etter 3–1-sigeren i Naustdalshallen.

– Vi fekk akkurat den sesongopninga vi hadde håpa på. No reiser vi til Ålesund for å møte Blindheim kommande laurdag. Og etter denne sigeren tek vi med oss ein god porsjon sjølvtillit, seier Tvinde som rett etter damelaget sin kamp sjølv måtte gå i gang med oppvarminga med herrelaget.

– Og det gjekk faktisk veldig bra der også. Etter at vi tapte dei to første setta, så kom vi sterk tilbake i dei tre neste, seier Tvinde etter 25-23, 25–20 og 15–12 i desse setta.

– Imponerande at begge laga vann kampane mot Koll. Snakk om flott helg, seier han.

Artikkeltags