Tryna - men klatra til fjerde

NY GOD PLASSERING: Asgeir Årdal gjekk inn til fjerdeplass på fellesstarten under Tour de Ski China.

NY GOD PLASSERING: Asgeir Årdal gjekk inn til fjerdeplass på fellesstarten under Tour de Ski China. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Asgeir Årdal med ny suksess i Indre Mongolia.

DEL

Asgeir Årdal tok søndag ein sterk tredjeplass i det første rennet under Tour de Ski China.

Og måndag følgde han opp suksessen - trass i at han måtte ned for teljing rett etter starten.

Var sist - inn på fjerde

- Eg tryna i starten, og var sist ut av stadion, seier jølstringen.

Han er difor strålande nøgd med å ha komme seg tilbake på ein fjerdeplass ved målpassering på fellesstarten over fem kilometer.

- Eg klarte å plukke folk på kvar runde. Så dette vart konge i høve utgangspunktet, seier Årdal.

Kviledag

Dermed vanka det 2000 kroner i premiepengar, i tillegg til nye viktige poeng i samandraget.

Her finn du alle resultat frå konkurransane.

Årdal er no nummer tre etter to renn av Tour de Ski China. Svenske Anders Högberg leiar den eksotiske konkurransen.

Touren tek no ein kort pause, då løparane tysdag skal forflytte seg lenger sør i Kina.

Onsdag står det ein ny sprint på programmet.

Artikkeltags