Med eit lengstekast på 57.97 forbetra ho sleggjedronninga Mona Holm sin gamle rekord på 57.47 med nøyaktig ein halv meter.

Forholda på Byrkjelo stadion var ikkje optimale med berre fem grader og kraftig regn, men Raad hadde likevel fleire kast på rundt 55 meter før rekorden sat.

Neste konkurranse for glopparen er i eit internasjonalt stemne i Halle i Tyskland 24 mai.