Tredjeplass i Diamond League

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til ein tredjeplass i Zürich.

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til ein tredjeplass i Zürich. (Foto: )

Øyvind Strømmen Kjerpeset held fram den gode sesongen.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Under Diamond League-stemnet i Zürich i dag, kunne arrangørane skryte av namn som Usain Bolt på startstreken.

Men det var ikkje berre Bolt som var på plass i Florø, for på 400 meter hekk stilte også Florø-utøvaren Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Tidlegare i år har han sett ny norgesrekord på distansen, med tida 49,95. Han har også komme seg under 21 sekund på 200 meter og har betra krinsrekorden på 100 meter.

Men startheatet i juniorklassen på Diamond Leauge var av det tøffe slaget.

Fleire av utøvarane har ei betre tid å vise til enn Kjerpeset.

Men han beit likevel godt ifrå seg.

Tida 50.28 heldt til ein 3. plass for Kjerpeset. Varg Königsmark frå Tyskland gjekk til topps, med tida 49,62.

Artikkeltags